Fin og relativt lett topptur til Storelogpiken (1553 m). Bil til ca. 580 m høgde ved Tverrelva. Frå parkeringsplassen god sti langs Tverrelva mot Storeloga. Når det flatar ut ved ca. 900 m ser ein ei hytte til venstre. Ruta går oppover moreneryggen bak hytta. Ein føl denne og seinare fjellrygg oppover heilt til ein er omlag midt på fjellryggen mot toppen. Herifrå rett opp mot toppen. Flott utsikt i alle retningar. Storelogpiken ligg på grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark.
Ein kan frå toppen gå rundt Storeloga og ned igjen Middagsfjellet til Tverrelva.
Frå Storelogpiken er det ca. 6 km relativt flatt til Ceciliekruna.
GPS-sporet som ligg ved her går berre til toppen og oppgitt tid gjeld frå parkering til toppen. Kart 1:50 000 - Jostedalsbreen.