Borgafjellet

Publisert av: Os kommune
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    1,2 km
    1 time
  • Sesong
    Apr - okt

Turen startar ved grinda langs Hjellevegen. Dei første 250 metrane av turen går i bratt beitemark. Du må hugse å late att grinda når du begynner å gå. Dersom det har regna, vil det vera bløtt og sleipt i starten på turen. Når du har forsert det brattaste terrenget, går du over på jamnare stigning med natur prega av blandingsskog, stein og jordbotn.
Sjølv om turen er ganske bratt, er han ikkje verre enn at han passar for både store og små. Frå toppen er det flott utsikt over Os, mot Tysnes, Fusa, Fitjar, Tøsdalsfjellet, Linken og Byfjella.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Det er ikkje laga ein parkeringsplass for turgåarar til Borgafjellet. Du kan sykle til startpunktet og setje sykkelen frå deg ved grinda. Det går òg fint å parkere bilen i Os sentrum, krysse Oselva og gå opp Borgavegen til foten av Borgafjellet.

Adkomst med offentlig transport

Tilgjengelig med kollektivtransport
Annonse

Publisert av

Os kommune