Eikåsnipa er ein flott fjelltur i vestlegaste del av Jølster. På toppen får du flott utsikt austover mot Vassenden og Jølstravatnet.
Frå Eikåsvegen følgjer du bratt skogsveg som går opp rett sør for brua over Storegrova. Der skogsvegen deler seg vel du vegen som går i nordleg retning. Følg vegen vidare heilt opp til Ytre Eikåsstøylen (500 moh.) På støylen opnar utsikta seg mot Jølstravatnet. Rett ovanfor støylshuset går du inn på sti i nordvestleg retning. Stien går i ope og tørt lyngterreng. Når du nærmar deg toppen flatar terrenget litt ut, og det vert noko meir myrlendt. Her dreiar stien vestleg retning opp mot toppen av Eikåsnipa.
Tips:
Det går merka sti frå Eikåsnipa i vestleg retning ned til Flugedalen (Angedalen).
For å få betre utsikt mot Førde kan du lage deg ei runde på toppen. Terrenget er lett kupert rundt Storetjørna.
Fakta:
Ytre Eikåsstøylen 1,4 km og 300 høgdemeter
Eikåsnipa 2,5 kilometer og 650 høgdemeter
Tid: 2,5-3 timar opp og 4 -4,5 timar timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Ta av Jølstravegen (E39) og køyr mot Eikås. Parker på velteplass ved dei øvste gardane på Eikås. Velteplassen ligg rett vest for brua som går over Storegrova.
Ta rutebuss langs Jølstravegen (E39) og gå opp til turstart på Eikås.