Rundtur i kulturløypa Mosterhamn – Notland

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,9 km
  • 3 t, 15 min
  • Rundtur
  • 248 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
Den første delen av løypa er konsentrert rundt hamna på Moster og tek deg med på ei historisk vandring tilbake til år 995. Tek du turen innom Moster gamle kyrkje, får du høyra historia om Olav Tryggvason, som i 995 kom frå England for å krevja kongsarven sin og kristna landet, og Olav Haraldsson og bisp Grimkjell, som sette kristenretten på Mostratinget i 1024. Følgjer du stigen frå vegen ved kyrkja, kjem du opp til Kyrkjestølen og Olavshola før du når toppen av Vetahaugen (løypa sitt høgaste punkt, 74 moh.). På Vetahaugen står den store steinkrossen, som vart avduka av kong Håkon VII ved 900-årsjubileet i 1924. Heile dette området har gode skilt som fortel om dei mange historiske hendingane. Frå Vetahaugen kan du følgja stigen ned på austsida til han svingar av nordover til Olavskjelda. Deretter følgjer du vegen til Moster Amfi, den gamle kalkgruva som på 1980-talet vart ombygd til Nord-Europas flottaste uteamfi. Her kan du om sommaren oppleva sogespel og store musikalar. Inne i Moster Amfi ligg den religionshistoriske utstillinga ”Frå heidendom til kristendom”, bergverksutstillinga ”Steinriket Bømlo” og Amfikafeen. Ved inngangen til amfiet ligg ”kongesteinen”, der dei første kristne lovene vart lesne i 1024. Steinen er òg signert av kong Olav V, kong Harald og dronning Sonja. Like nedanfor ligg Tollhagen, som har tent tollvesenet frå 1700-talet og fram til ca. 1900. Frå Tollhagen kan du vandra gjennom tunellen til Gruveparken, ei stor nedlagd gruve som lokale krefter har gjort om til ein vakker bade- og friluftsarena.

Den andre delen av løypa fortset i Mosterhamn ved den best bevarte av dei mange kalksteinsomnane i regionen. Løypa tek deg vidare frå Mosterhamn på delar av den gamle postvegen (stig) langs Bømlafjorden og inn på Marmorvegen på Notland. Dette idylliske området skiftar mellom ope terreng med utsikt mot fjorden, og tett lauvskog. Her på Notland skjuler det seg fleire historiske gruver med utskipingssystem og kaianlegg, som fortel den unike historia om Marmor- og kalksteinsdrifta i Synken som har sett preg på Moster frå 1000-talet og fram til moderne tid. Frå Notlandsvåg kan du følgja hovudvegen tilbake til Mosterhamn igjen.


The first part of the track is concentrated around the the harbour of Moster and invite you to a historical walk back to 995 AD. If you stop by Moster Old Church you are informed about the story of Olav Trygvason who came from England in 995 to claim his royal inheritance and to christianize the people of Norway, and Olav Haraldsson and his bishop Grimkjell who introduced the Christian (Ecclesiastical) Law at the Mostra Thing (Assembly) in 1024. If you follow this path from the road by the church you come to Kyrkjestølen and Olavshola before you reach the top of Vetahaugen (Veta Hill), (the highest point of the track, 74m above sea level). On Vetahaugen you find the large stone cross, which was unveiled by King Håkon VII at the 900th anniversary in 1924. All this area has good signs with information about the many historical events. From Vetahaugen you can follow the path down on the east side until it turns north towards Olavskjelda. Then you follow the road to Moster Amfi, the old limestone mine which during the 1980s was reconstructed into the most spectacural open-air stage in Northern Europe. During the summer you can experience historical plays and great musicals here. Inside Moster Amfi you will find the religious-historical exhibition “From Heathendom to Christianity”, the mine exhibition “The Stone Land of Bømlo”, and the Amfi Cafeteria. Close to the entrance of the amphitheater you will find “The King’s Stone” where the first Christian Laws were read in 1024. The stone is also signed by King Olav V, King Harald and Queen Sonja. Tollhagen (the customs garden) is situated just down below the stone and has served the Customs from 1700 to about 1900. You can walk from Tollhagen through the tunnel to Gruveparken (the Mine Park), a large closed mine. Local initiative has rebuilt this mine into a beautiful beach and an open-air arena.
The other part of the track continues in Mosterhamn by the best preserved of many limestone furnaces in the region. The track takes you further from Mosterhamn over parts of the old post road

Adkomst med egen bil

Start- og sluttpunkt: Moster Amfi.
Parkering: Ved Moster gamle kyrkje er det gode parkeringstilhøve. Her kan også bussar parkera.
Ved Moster gruvepark er det tilrettelagt for båtturistar.
Annonse