Espevær, UFO ringen rundløype, Bømlo

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    2,2 km
    30 minutter
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Hele året
Her finn du eit gammalt fiskevær med Baadehuset og Hummmarparken. I tillegg er UFO-ringen og kabelferja vidde kjende. For å komma til UFO-ringen må du gå 15 minutt gjennom lett kupert og delvis myrlendt terreng. Det er ganske gjørmete sti, så me tilrår å bruka støvlar, sjølv om det er lagd ut plankar til å gå på. Inngangen til stien er rett ved bedehuset.
UFO-ringen blei til ei natt i 1975, då det blei observert lys over Espevær. Hundar vart hysteriske og sikringsskap eksploderte. Nokre dagar etter vart det oppdaga ein ring som var 63 meter lang, og med ein diameter på 13 meter. Sporet som danna ringen var 40 cm. breitt. Verken Forsvaret eller UFO-logar har enno funne ut kva som har laga dette sporet, som enno er tydeleg i bakken.
Det er ein fin tur med bademuligheitar sommarstid.
Ikkje bli skuffa viss du ikkje ser ein UFO. Dei kjem sjeldan tilbake!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Fra Eidesvik kan ein ta rutebåt til Espevær.
Annonse