Første del av stien til Mørkedalsfjellet/Ådno går langs lysløypa ved idrettsbanen til skilt merka Kalavåg/Mørkedalsfjellet/Ådno. Stien mot Kalavåg går m.a. gjennom eit tett skogsområde. På Kalavåg tek ein av til venstre og følgjer asfaltvegen ned til ein snuplass. Derifrå̊går stien over ein grasbakke og vidare i søraustleg retning. Myrane kan til tider vera ganske blaute. Berggrunnen i området Ådno er harde vulkanske bergartar. Dette gir skrinn jord som er dårleg eigna til dyrking. I det vêrharde klimaet vil det heller ikkje veksa skog her. Vegetasjonen er for det meste lyng og brake. For dei som er interesserte i botanikk, kan ein finna sjeldne planter her. Siste delen av stien går i litt bratt stigning opp til Mørkedalsfjellet/Ådno, 103 m.o.h., med flott utsyn over bygda, Bømlafjorden, Sletta og Espevær. Om lag halvvegs på̊stien kan ein leggja turen til Vardane. Herifrå̊ kan ein gå direkte til Mørkedalsfjellet/Ådno. På Mørkedalsfjellet finn ein det som er att av Odne Kystvaktstasjon; ei kystvakthytte, ein utsiktskuppel, ein bunker og ein radar. Dette er gammalt militært utstyr som ikkje er i bruk lenger. Meir info om Odne Kystvaktstasjon finn ein når ein er framme ved hytta. Frå̊ Mørkedalsfjellet kan ein gå mot Løning og attende til idrettsbanen.
Ein fin rundtur.
Kjør på riksveg 541 mot Langevåg. Ta til høgre litt før Langevåg Grendatun og kjør omlag 3-400 meter mot Kallevåg. Ta av til venstre i første høgresving og kjør mot Idrettsanlegg (fotballbanen) og parker her. Her startar den nye lysløypa og stien mot Mørkedalsfjellet.