Podlestløypa

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    8,9 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Parker ved Orre samfunnshus følg Åsevegen vestover til Orre kyrkje. Kyrkja vart teken i
bruk i 1950. Du går vidare til krysset Åsevegen – Øgardsvegen. Turen går langs Øgardsvegen,
men ta først ein avstikkar 50 meter langs Åsevegen der du kan sjå ein godt bevart
del av ”festung Norwegen”, pansergarden og grøftene som tyskarane bygde i 1943 for å
hindra tanks og tunge kjøretøy å ta seg inn ved ein eventuell invasjonen frå havet.
Langs Øgårdsvegen ser du Åsemyra, i dag grøn og graskledd. Her var det for 50 – 60 år
sidan eit tjuetals torvbear kor folk skaffa seg brendsel. På Øgård ser du Øgårdsholmen
som før senkinga av Høylands-Øgårdsvatnet, kring år 1900 var ein holme i dette vatnet.
Landskapet vest mot havet har gitt oss gardsnavnet Salte, som tyder låglendt, sumphaldig
land.
Ta til venstre når du kjem til Saltevegen. Frå Saltekrossen følger du Pollestadvegen nordover
mot Salteskogen. På toppen av bakken er det fin utsikt mot havet. Ta av til høgre,
inn Salteskogvegen til hovudinngangsporten på nordsia. I Salteskogen er det fine stiar og
gapahuk med sitjeplassar under tak. Er du heldig kan du møta både ekorn, hare og rådyr
i skogen.
Turen tilbake går langs Pollestadvegen. Her passerar du bedrifta Moi A/S før du kjem til
Degerheia og sjølve Degersteinen på venstre side. I krysset Pollestadvegen – Grødelandsvegen
tek du til høgre inn gangvegen mot byggefeltet Pollestadmyra. Det er her
det meste av utbygginga i Orre har skjedd dei siste tiåra. Du passerar Orre barnehage,
Sølvberget på nordsida av vegen, idrettsplassen med fotballbane og Orrehallen. Dette
er området kor ein ser resultat av tusentals dugnadstimar, noko som har gjort Orrebygda
kjent utover landet.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Flere muligheter, men vi velger å starte ved Orre samfunnshus

Stavanger Turistforening