Tinghaugrunden

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,9 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Turen går gjennom eit variert landskap, over høgaste punkt i Klepp, Tinghaug (102m.o.h) med flott utsikt mot havet og i klarver ser du heilt til Bokn. Tinghaugrunden er turrik på historie og kulturminne.
Frå parkeringsplassen går du langs Lalandsvegen, mot rundkøyringa på Jærvegen og tek inn første veg til venstre. Fortesett gjennom boligområde, langs Nordlysvegen kor du kryssar Postvegnen og deretter tek til venstre, inn på gang- og sykkelveg. Følg denne på austsida av boligområde og vidare på gardsveg mot Frøylandsvatnet. Gå langs vatnet til gangsbru over jernbanen som førar deg på gardsveg forbi Mosberghagen der Torvald Tu budde, og ut på Lalandsvegen.
Ved parkeringsplassen på Tinghaug står ein bautastein som i si tid blei funnen nedanfor Tubakken. Bonden som fann steinen, kløyvde han i to for å få gode ”leesteinar”. I 1932 blei han anmeldt, og i rettsaka som følgde fekk han 20 kr i bot og måtte skøyta steinen saman att og reisa han der han står i dag.
Heile høgdedraget med Tinghaug, Krosshaug og Dysjane har vore særs viktig område. Ein gammal tingstad, ei mengd gravhaugar og særlig dei rike funna som er gjort i grava til den mektige kvinna gravlagd på Krosshaug kring 450 år e. kr. tyder på at dette har vore plassen med stor betydning for politikk, økonomi og religion.
På Tinghaug går du over gjerdeklyvaren mot vest, passerer Krosshaug og Dysjane og
tek gardsvegen gjennom Hauge og ned til Jærvegen (rv 44).
Eit alternativ er å gå Postvegen (Tubakken) tilbake frå Tinghaug. Du kjem då til Grøvå kor det er vasskilje, og tek til høgre langs Lalandsvegen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Flere muligheter, men vi velger å starte ved Kåsen Idrettshall. (For tur med turleder 16.03.2015 kl 10:00 er oppmøtested Santangen, ved inngang bru)

Stavanger Turistforening