Kalberg

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    5,0 km
    1 time, 40 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Turen startar ved Smiå på Kvernaland, kor det er mogleg å parkera. Det var her, ved Frøylandsånå, at Ole Gabriel Kverneland i 1879 etablerte si første smie. Dette var den første smia på Jæren der det vart lagt opp til fabrikkmessig drift. I dag er den opphavelege smia eit museum.

Frå Smiå går turen til Stemmen. Her vart det i 1895 bygd ein demning med kanalar som fungerte som energimagasin for Kvernelands fabrikk. Turen går vidare forbi nye Kvernaland omsorgssenter og på gong- og sykkelvegar i byggjefelt før ein kjem til Kalbergskogen som vart etablert i 1874 på initiativ frå O.G.Kverneland. I dag er det Jæren skoglag som eig Kalbergskogen. Turen i skogen går på skogsvegar.

Ute av skogen kryssar ein Skogsvegen og tek Elvebakken ned mot Theodor Dahls veg. På veg tilbake til Smiå går ein forbi Kvernaland sentrum med butikkar og ein flott aktivitetspark med treningsapparat, skatepark, sandvolleyballbane og leikeplass.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Flere muligheter, men vi har valgt å starte ved Smiå