Gullgruveområdet på Lykling

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,3 km
  • 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 92 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
I 1862 fann ein gjetargut den første gullklumpen på Lykling. Frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med 4-500 mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst. Tre store selskap, hovudsakleg finansiert og drivne av engelskmenn, men óg ei rekke “enkeltmannsføretak”, snudde den vesle bygda på hovudet i dei ca 25 åra gruvedrifta varte. To hotell, eit hotellskip, fleire bakeri og ei rekke sjapper av ulikt slag vart bygd opp kring gruvedrifta.

Adkomst med egen bil

Køyr riksveg 541 til Lykling. 1 km vidare til høgre langs sjøen frå Lykling kai. Parkering v/skilt på Verkjet, ved snuplass eller ved start Nordsjøløype. Derfrå er det godt skilta bilveg til gullgruvene. Vel framme er det snuplass, parkeringsplass og toalett. Her er det fleire merka løyper i heile området.
Annonse