Nordsjøløypa på Fedje - lang løype til Fyrsundet

Legg til huskeliste
Annonse

Å gå heile eller delar av Nordsjøløypa er eit «must» når du besøker Fedje!

Nordsjøløypa startar frå parkeringsplassen i Tresneset som ligg på nordvestsida av Husavatnet. Her er det sett opp informasjonsskilt. I krysset sørvest for Husavatnet kan du velje mellom lang tur til Fyrsundet eller en kortere tur tilbake til Fv423 Stormarkvegen midt på øya, som enten tar deg tilbake til hamna i nord eller Stormark i sør. Fra Stormarkvegen midt på øya kan du også følge Fjordløypa som går ned mot Stormark og følge Fv423 tilbake til hamna.

Hugs godt skotøy, det kan vere vått og glatt i løypa!

Det er tre Nordsjøløyper på Fedje. Det er fint mogleg å gå alle tre i ei lang sløyfe som ein dagstur. Som ein del av turen kan du legge inn ein «topptur» til Fedjebjørnen, som med sine stolte 41,9 m.o.h. er Norges nest lågaste høgaste punkt.

Etter turen kan du få kjøpt signert diplom på Fedje Landhandleri som eit handfast bevis på at du har gått Nordsjøløypa på Fedje.

På Fedje finn du også Fedje trafikksentral, krigsminnesmerke, kulturløype og eit koseleg lite bibliotek på ferjekaia. Øyene nord for hovudøya på Fedje byr på moglegheiter for spektakulære padleturar i kajakk, men ver oppmerksam på at vêrforholda i havet kan endre seg plutseleg og raskt.

På Fedje kan du i sommarsesongen overnatte blant anna på Landsbykafeen og på Fab nr. 8. Der kan du også bestille mat og drikke, og take-away.

På kaia finn du Matkroken med eit rikt utval av daglegvarer og andre aktuelle varer. Ved ferjeleiet ligg Fedje Landhandleri med eit spanande utval av litt av kvart, som rett og rimeleg er på eit landhandleri. Her finn du og kortreist mat, samt kunst frå lokale kunstnarar som Eide Glass. I landhandleriet finn du også Fedje turistinformasjon.

Meir informasjon finn du på www.destinationfedje.no. Velkomen til landsbyen i havet!

Adkomst med egen bil

Til Fedje kjem du enten med bil, buss eller sykkel. Set du att bilen på Sævrøy ferjekai, er det gratis overfart med den nye ferja «Fedjebjørn».
Annonse