Det er tre Nordsjøløyper på Fedje. Det er fint mogleg å gå alle tre i ei lang sløyfe som ein dagstur. Fjordløyåpa går mellom Storevatnet ved Fv423 Stormarkvegen midt på øya og Stormark i sør.
Å gå heile eller delar av Nordsjøløypa er eit «must» når du besøker Fedje! Som ein del av turen kan du legge inn ein «topptur» til Fedjebjørnen, som med sine stolte 41,9 m.o.h. er Norges nest lågaste høgaste punkt. Etter turen kan du få kjøpt signert diplom på Fedje Landhandleri som eit handfast bevis på at du har gått Nordsjøløypa på Fedje.
Hugs godt skotøy, det kan vere vått og glatt i løypa!
På Fedje finn du også Fedje trafikksentral, krigsminnesmerke, kulturløype og eit koseleg lite bibliotek på ferjekaia. Øyene nord for hovudøya på Fedje byr på moglegheiter for spektakulære padleturar i kajakk, men ver oppmerksam på at vêrforholda i havet kan endre seg plutseleg og raskt.
På Fedje kan du i sommarsesongen overnatte blant anna på Landsbykafeen og på Fab nr. 8. Der kan du også bestille mat og drikke, og take-away.
På kaia finn du Matkroken med eit rikt utval av daglegvarer og andre aktuelle varer. Ved ferjeleiet ligg Fedje Landhandleri med eit spanande utval av litt av kvart, som rett og rimeleg er på eit landhandleri. Her finn du og kortreist mat, samt kunst frå lokale kunstnarar som Eide Glass. I landhandleriet finn du også Fedje turistinformasjon.
Meir informasjon finn du på www.destinationfedje.no. Velkomen til landsbyen i havet!