Reksta

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 15,7 km
  • 6 t
  • Rundtur
  • 1317 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Fin tur langs sørsida av øya og topptur tilbake over dei tre fjella på Reksta.

Turen startar frå rutebåtkaia i Rognaldsvåg og føl pilegrimsruta langs sørsida av øya til Selvåg omlag 6 km og 2 timar. Tilbake over dei tre fjella som er omlag 7 km og 4 timar. Turen over fjella har fleire bratte opp og nedstigningar.

Reksta si pilegrimsrute er ein del av Sunnivaleia, ei pilegrimsvandring på sjø og land, frå Florø til Selja. Frå rutebåtkaia i Rognaldsvåg går ein oppover og tar sørover forbi eit stort kvitt hus som er den gamle handelsstaden i Rognaldsvåg, videre eit stykke før ein tar til venstre og går gjennom bebyggelse. Turen vekslar mellom godt opptrakka og merka sti og asfaltert bygdeveg gjennom grendene Ytre og Indre Reksta. På turen kan ein oppleve eit rikt fugleliv og sjansen for å møte på sauer undervegs er svært stor. Forholdsvis flatt terreng, med lyng og grasmark, litt steinete mot slutten. Når ein kjem til Ytre Reksta passerar ein Bautaen til minne om vegbyggaren Andreas Wilhem Reksten. På Indre Reksta går ein forbi ein kjempestein som vert kalla Storsteinen. Under denne steinen går det an å overnatte tørt. Fortset vidare til kaia i Selvåg. Tilbake kan du anten gå same veg eller over fjella.

Dei tre fjella frå Selvåg til Rognaldsvåg er: Indre Rekstafjellet /Storefjellet, Midtre Rekstafjellet/ Vasslifjellet og Harefjellet.

Reksta på langs vert også kalla trefjellsturen. Frå Selvåg kai går ein rett fram og tek til venstre og gjennom to grinder ved hytta der. Turen vidare går forholdsvis bratt opp til varden på Indre Rekstafjellet / Storefjellet, 150 moh. Ein går langs ein spektakulær fjellrygg vestover og ned mot Indre Reksta. Her går ein vidare opp til Midtre Rekstafjellet / Vasslifjellet og Litlevatnet (lokalt navn), 160 moh. På Midtre Rekstafjellet går turen bortom utsiktspunktet på nordsida av vatnet. Føl stien vidare og etter ein bratt nedtur via Djupedalen til Vatnet, går ein i flatt terreng til vegen mot Ytre Reksta. Her i råsa går stien bratt opp mot Harefjellet (to toppar med demninga i midten). På toppen går du langs ein fjellrygg, med flott utsikt mot nord. Etter å ha kryssa Rognaldsvåg vassverk i vestenden, går turen opp til Harefjellet 220 moh. Det er også mogleg å gå ned på vestsida av demninga og krysse over i terrenget om ein ikkje vil krysse på demninga. Frå varden er det bratt nedstigning mot Rognaldsvåg. Det er i nedstigninga her ein finn «løvehovudet» i fjellet. Vel nede kjem du tilbake til stien du starta på. Følg denne tilbake til rutebåtkaia i Rognaldsvåg. Rognaldsvåg er eit godt bevart og fortetta fiskevær. Her er det butikk, kafe og gjestebrygge.

Turtips:

På nordsida av Indre Rekstadfjellet/Storefjellet finn du Trollhola. Her er det viktig å ha med seg lys. Du har to ruteval hit: 1. Anten føl du bilvegen på nordsida frå Rognaldsvåg til Indre Reksta. Stien er merka frå toppen av skaret ved Indre Reksta og austover i terrenget til Trollhola.

2. Eller du vel kortaste ruteval til Trollhola frå kaia i Selvåg, og går nordvest - motsett veg av Sunnivaleia. Etter omlag 15 minutt ser ein ei stor revne oppe i fjellet. Inne i Trollhola går det litt bratt nedover på sandete og steinete underlag, til ein kjem til eit litt større "rom". Hola går omlag 50 meter innover i fjellet, men for å komme til den inste delen må ein klatre opp på eit platå og ned igjen forbi eit overheng. Der treng ein tau eller stige for å komme ned og opp igjen. Trollhola er eit spanande turmål for heile familien.

NB! Sjekk om Rutebåten kan anløpe (på bestilling, sjå i rutetabbellen) Selvåg på austre enden av øya.

Sporet på kartet er gått som ein rundtur 27.september 2024.

God tur!

Adkomst med egen bil

Med rutebåt til Rognaldsvåg eller Selvåg

Annonse