Nøttveitveten og Morkefjellet frå Solendfjellet

Publisert av: Alver kommune 
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    2,2 km
    2 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Hele året

Flott fottur gjennom området som var vald til tusenårsstad i Radøy kommune til Nøttveitveten (205 moh) og Morkefjellet, som er det høgaste fjellet i kommunen, (217 moh).

Turen startar på høgaste punktet på bilvegen mellom Marås og Manger. Følj grusvegen derfrå mot oppover til grusplassen, vidare gjennom grinda ("kissing gate") og ta til høgre like etter. Følj stien derifrå. Rett etter Dyrdalen (der ein ser grunnane etter fleire skjeneflorar), kan ein velja å gå gjennom skogen eller stien utanfor skogen, litt lengre vest. Det er stien utanfor skogen som er innteikna på kartet. På toppen av Nøttveitveten er det sett opp ein varde, og like nedanfor er det sett opp ein gapahauk der ein kan setja seg ned. I gapahauken heng turboka ein kan skriva seg inn.

Ein kan no følgja stien sørover mot Morkefjellet. Også der er det sett opp ein liten gapahuk der ein kan setja seg ned og nyta utsikten.

Utsikten er flott både frå Nøttveitveten og Morkefjellet! Frå Nøttveitveten skal ein på klåre dagar kunna sjå fleire av oljeplattformane i Nordsjøen.

Ein kan velja å gå attende same vegen, eller følgja ein av stiane ned til Morken eller Nøttveit og vidare mot Manger.

I 2020 er det sett ut tre stolpar i Stolpejakten på denne turen - éin på Storafjellet/Lifjellet, éin på Nøttveitveten og éin på Morkefjellet. Les meir om Stolpejakten på www.stolpejakten.no og www.knarvikmila.no.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Det er lettast å koma seg til området med bil eller til fots. Parkering langs vegen. Næraste busstopp er på Solend eller på Li.
Annonse

Publisert av