Eventyrskogen i Årdal

Publisert av: Hjelmeland kommune
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    1,4 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Eventyrskogen - ei trimløype for sansane dine!
Det finst mange slag trimløyper. Felles for desse er stort sett at du skal fara fort fram og komma i mål med høg puls og sveitt panne.
Denne løypa er ei trimløype for sansane dine.
Den fysiske trimmen får du på ”kjøpet”. Ta det derfor rolig nå. Kjenn den friske lufta. Høyr susen frå elva. Høyr fuglen som kvitrar. Var det ein kvist som knakk då eit rådyr stiltra seg inn i skogen? Sjå den rare forma på stubben der borte, eller er det ein stubbe?
Gløym kvardagsstresset, vær til stades her - akkurat nå!

I Eventyrskogen finst ingen elektroniske effektar som vil forsøke å imponere deg. Langs den ca 1,5 km lange løypa må du sjølv la deg imponere av din eigen fantasi. Prøv om du kan leite fram den evna du hadde som barn.
Heile skogen har eitkvart den vil fortelja deg, prøv om du klarer å oppfatte det. Kanskje er forteljingane ulike frå dag til dag?
Gjer som barnebokpioneren Rasmus Løland, sjå på naturen gjennom eventyrbriller. Trekk pusten djupt, skjerp sansane dine og du er…
velkommen inn!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjør RV13 til Årdal sentrum. (Årdalstunet) Følg skilting til Eventyrskogen langs Kyrkjevegen. Etter ca 2 km kjør inn på skilta veg ved Dalane og deretter ca 1 km fram til parkeringsplassen ved Eventyrskogen.