Vrådal sentrum til Roholtfjell

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,1 km
  • 3 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 903 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Roholtfjell er det mest markerte og "minialpine" fjellet i Vrådal i Kviteseid kommune.

Landskapet her er karakterisert av flotte, blankskurte og bratte svaberg. Den bratte sørveggen blir nytta til fjellklatring av lokalkjende. Fjellet består av to toppar som smale fjellryggar i aust-vestleg retning, og er greie å gå på i tørt vær. Mellom toppane er det eit djupt skar med små idylliske tjønnar, med supervarmt badevatn sommarstid.

Turen til Roholtfjell, på T-merka tursti med grøne skilt, kan ein starte på to ulike stader. I Vrådal sentrum (Eidstod) og på Heia. Desse stiane møtast på Stemmyr. Derfrå er det ein sti til toppen. Stiane er ikkje returskilta. På begge startstader er det avmerka P-plass. Fyrste del av turstien, med merkte og skilta alternativ på to stader pga eventuell flaum og glatte berg, går i opent og lettgått terreng med furuskog til innunder foten av fjellet. Herfrå og opp til toppen av Austre Roholtfjell (1005 moh) er det bratt stigning langs to alternative merkte og skilta ruter. Ved siste oppstigninga til toppen er det lagt ut taug på to stader. (Vis omsyn og varsemd når du nyttar tauga) I varden på toppen er det lagt ut namnebok.

Til nabotoppen, Vestre Roholtfjell (1018 moh) , er det delvis merkte stiar utan fast standard, ein oppå og ein nedunder fjellryggen, der begge går via tjønnane i skaret mellom toppane og bratt opp til venstre toppen.

Turstien på kartet er raudmerka og skilta etter DNT og Innovativ Fjellturisme sin standard. Det kan forekomme andre merke og skilt i området.

Vrådal sentrum (Eidstod) - Stemmyr 2,9km Blått Piktogram
Heia - Stemmyr 2,3km Blått Piktogram
Stemmyr - Austre Roholtfjell 3,7km Blått Piktogram til Svåa og Rødt Piktogram fra Svåa og opp på Austre Roholtfjell..

Hvor lang tid man bruker på turen, avhenger av hvor man startar.

Adkomst med egen bil

God P-plass i Vrådal og på Heia.

Adkomst med kollektivtransport

Buss-stopp i Vrådal sentrum og på Heia.
Annonse