Gjelle - Gråsidetoppen

Legg til huskeliste
Annonse

Ein populær dagstur med Voss som utgangspunkt er turen til Rosethytta og vidare opp på Gråsidetoppen. Skal ein til Gråsidetoppen fyl ein i byrjinga den t-merka ruta som går over Gråsida, (Hjelle / Gjelle – Torfinnsheim). Ved Pili tek stigen til Gråsidetoppen av. Vel oppe tek ein same ruta ned att, eller ein kan gå over Gråsidetoppen og fortsette på stigen mot Torfinnsheim.

Lengd: Ca 12 km og 5 timar tur/retur
Stigning: i overkant av 900 høgdemeter stigning.
Startpunkt: Gjelle
Turkart referanse: Voss 1:50 000 (Statens kartverk), Voss 1:25 000 (Ugland IT).
Merknader: Ruta er T- merka. Dei t-merka rutene på Gråsida er lange og går i høgfjellsterreng. Vær difor budd på skiftande vær, ta med nødvendig utstyr samt kart og kompass. Går ein turen frå sentrum kan ein rekne 1-2 timar ekstra. Ynskjer du å jakte eller fiske på Gråsida må du hugse å kjøpe jaktkort og fiskekort. Dette kan kjøpast på turistinformasjonen

Adkomst med egen bil

Ein kan gå frå Voss sentrum. Rekn då med ca 2 timar meir gange.
Annonse