Fottur Nakkane (Hope) via Lavesteinen til Gjegnabu

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 13,2 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 1126 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt


Du kan gå eller parkere bilen på Hope. Det er skilta frå Hope og opp til Lavesteinen. Du kan køyre opp til Nakkane og på parkeringsplassen. Der er ein god parkeringsplass om lag 150 moh. Vidare følgjer du skogsvegen oppover til du kjem over på den T-merka stien som først går gjennom enkel lauvskog fram til Lavesteinen om lag 700 moh. Lavesteinen er ein svær utoverhengande stein som ein ser heilt nede frå bygda. Derifrå går det T-merka og varda rute fram til Gjegnabu. Vær obs når du kjem mot toppen og skal krysse fonna på toppen! Hald mot venstre og følg baksida / toppen av ryggen som går inn mot hytta, skåra inn. Fonna endar bratt ned i vatnet og er isete og skummel. Traceen er lagt lenger opp og i kanten på fonna - dette blei ferdig 27 08 25.

Last ned kartet på ut.no før du går - det er lite eller ingen dekning på vei opp. På Gjegnabu er det ikkje mobildekning - på rute opp når du er kommen opp i ca 1 200 ligg ein stor stein med varde oppå - på venstre side av stien. I det området kan ein finne dekning.

Har du tenkt å ta turen opp til Gjengnen - last ned turen Gjegnabu til Gjegnet Blånibba / Gjegnen

Ta gjerne kontakt for informasjon om snøforholda om du går første del på sommaren.

Om du skal overnatte på hytta må du bestille. Ta kontakt med Dag eller Astrid Eliassen på 977 38 273 / 415 49 299 eller mail: dag@dageliassen.no / astrid.eliassen@heimtun.org

Turen opp ca 3,5 t og ned 2,5 t

Turen opp og ned er ca 12 km, men GPS sporet viser 16,6 km , det kjem av utslag på GPS

Sporet på kartet er gått 27 08 25 frå Nakkane parkeringsplass

God tur!

Adkomst med egen bil

Kjør Fv 615 til Hope i Hyen
Annonse

on the path