Hope via Lavesteinen til Gjegnabu

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    5,9 km
    4 timer
  • Sesong
    Jul - okt

Du kan gå eller parkere bilen på Hope. Det er skilta frå Hope og opp til Lavesteinen. Du kan med fordel køyre opp til Lunneparkeringsplassen. Der er ein god parkeringsplass om lag 150 moh. Vidare følgjer du skogsvegen oppover til du kjem over på den T-merka stien som først går gjennom enkel lauvskog fram til Lavesteinen om lag 700 moh. Lavesteinen er ein svær utoverhengande stein som ein ser heilt nede frå bygda. Derifrå går det T-merka og varda rute fram til Gjegnabu. Vær obs når du kjem mot toppen og skal krysse fonna på toppen! Hald mot venstre og følg baksida / toppen av ryggen som går inn mot hytta, skåra inn. Fonna endar bratt ned i vatnet og er isete og skummel.

Sporet er gått 04 07 20 frå Lunneparkeringsplassen og det angir antall km

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjør Fv 615 til Hope i Hyen
Annonse