Topptur på ski til Indrebøfjellet frå Angedalen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende skitur
  • 3,1 km
  • 4 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 583 høydemeter totalt
  • Sesong: Okt - mai
Indrebøfjellet ligg innerst i Angedalen i Førde kommune mellom Førde og Naustdal. Det er ein grei tur som tek 2- 4 timar. Vel 3 km og 500 høgdemeter. Det er ingen rasfare på denne turen om vinteren. Bortsett frå slutten av turen som er rimeleg flat, er det jevn stigning heile vegen.
Når du har parkert føl du vegen, eller den oppkøyrde langrennsløypa ca 800 meter før du framfor ein liten nedoverbakke tek opp til venstre ( vestover ). Herfrå føl du ei gate oppover skogen. Siste 100 meterane før du kjem over skoggrensa er det ikkje hogd gate.
Etter at du er over skoggrensa held du til venstre oppover ryggen. Stigninga er jamn med nokre flatare parti, særleg mot toppen.
Du vil få utsikt over Førde mot sør og Sandfjellet mot nordaust.

Adkomst med egen bil

Køyr innerst i Angedalen frå Førde og ta ein avstikkar opp til venstre like før ( 50 meter ) før brua over elva. Der er høve til parkering like etter avkøyring.
Annonse