Sognefjorden sitt svar på Trolltunga. Inst i Esefjorden ser ein rett opp på den særmerkte toppen. Dei siste åra har det blitt utført ei stor oppgradering av stien ved hjelp av sherpaer og ivrige turfolk frå Balestrand.
Turen startar på slak sti den første kilometeren, før delvis bratt stigning tiltar oppover til 650 moh, der stien deler seg. Her følgjer ein den nye sherpa-stien opp ura til Gulleple på 1100 moh med pause og flott utsikt over Sognefjorden. Dagsturhytta for Balestrand var tidligere planlagt her, men vart for krevjande. Men det er planlagt ny hytte her i løpet av 2020. Terrenget slakkar litt av no før siste kneika opp. Deretter over to snødekte parti ut på Keipen med vidstrakt utsikt over Sognefjorden og bygdene rundt og fjella på Gaularfjellet.
Det er lurt å ha med stavar til returen. Turen har ei lengd på 15 km, med 1427 høgdemeter og varer 8-10 timar.