Grøndalen til Blåbrebu  Fottur

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    6,0 km
    3 timer
  • Sesong
    Jul - okt

Turen startar ved Grøndalsvatnet. Det er ei informasjonstavle og parkeringsplass til 6 til 7 bilar. Turen er skilta og T-merka oppover. Ein kjem opp til Støylsvatnet og går langs vestsida av vatnet. I indre enden ser ein restane etter Grøndalsstøylen og passerer ei privat hytte. Stien er merka vidare via bru over elva.

Du skal no halde austsida av elva heilt opp i skaret. Der kryssar du elva og følgjer merka sva oppover. Ruta er lagt om slik at ein unngår ura i skaret. Omtrent halvvegs i skaret kjem ein ned til gamal sti / merking rett før øvste vatn i skaret. Kryss elva og følg ur på austside av vatnet til ein kjem til høgste punktet i skaret på ca 780 m. Følg vidare merka sti forbi sikringsbua og vidare fram til hytta som ligg vest for eit lite vatn på 800 moh.

Tidleg på sommaren kan Ura som vi må passere er mer synlig. Og selvfølgelig litt verre å gå i. Ura kan bli endevendt av snø og flom på vinteren. Her er det bare å ta det med ro Sjå kartbilde.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå Fv 614 nord for Norddalsfjordbrua og køyr Fv 544 til Grøndalen inst i Norddalsfjord.
Annonse