Fottur til Nordre heia - Djupeviknipa

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,0 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 214 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

NB!
GPS-sporet er oppdatert. IST har i samarbeid med Sunnfjord kommune og grunneigar opparbeidd og tilrettelagt ny sti til Nordheia. Det er same parkering, men stien tar av til venstre straks etter starten og går meir mot vest. Det er stedvis lagt stein, klopper og små bruer for å spare terrenget for slitasje. Bruk desse!

Turen er blitt ei svært populær ettermiddags- og kveldstur. Den startar på austsida av Nordheitunnelen, 9 km frå Førde på riksveg 609 mot Askvoll, same stad som turen til Fauskevarden. Starten ligg på ca. 450 moh. og går oppover gjennom småskog i lettgått terreng på nordsida av vegen. Du når toppen på Nordre heia (Nordheia) 662 m.o.h. etter kring tre kvarter. Toppen ligg på eit ganske flatt platå med blant anna god utsikt til Litjehesten, Storehesten og Heilefjellet. Frå Nordre heia går turen vidare i svært lettgått terreng vestover og utover til Djupvikheia, 650 moh, med storslagen utsikt blant anna utover Førdefjorden. Nokre meter lenger nord kan du óg nyte utsikta over omtrent heile Naustdal kommune, inkludert fjorden og sentrum. Turen kan gåast heile året, men kan vere utsatt for ver og vind på toppen.

Adkomst med egen bil

Med bil tek du av frå E39 rett sør for Førde sentrum og følgjer rv609 ni kilometer mot Askvoll. Det er parkeringsplass på begge sider av vegen på austsida av tunnelen. Det går óg rutebussar mellom Førde og Stongfjorden/Askvoll fleire gonger kvar dag. Sjå rutetider hos Firda Billag.
Annonse