Ramsdalsheia. Solheimsnipa/Ramsdalsnipa/Varden.  Rundtur

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,4 km
    2 timer, 30 minutter
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Mai - nov

Frå parkeringsplassen på Ramsdalsheia er det tre mulegheiter. Du kan gå på vestsida av Trollstova, opp og over tunellen eller gå rett opp til høgre for tunellen eller gå rett opp mot masta/sendaren. Det vert då ein kortare tur enn om du går over tunellen. Går du opp til høgre for tunellen eller rett opp til masta så er det bratt til å begynne med, men resten av turen er slakk oppover mot nipa. Vel oppe er det fin utsikt i alle retningar. Stien er synleg og delvis varda.

Tid opp over tunnellen omlag 1,5 time. Opp via masta 1 time.

Vinter: Det er ein fin skitur til Varden om vinteren, tek ca 1 time. Spesielt er unnarennet nedatt fint. Kan anbefalast som måneskinnstur. Det er også ein fin tur å gå med broddar eller trugar.


Sporet som ligg ute er gått 29.august 2020 og er gått opp rett ved tunnelen og ned over tunnelen Det er gått på sida av våte og glatte parti

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ramsdalsheia. Ta av frå Rv 5 på Svarthumle mot Ramsdalsheia
Annonse

Publisert av

Flora Turlag