Gapahuken ved Ritlandskrateret

Publisert av: Hjelmeland kommune
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    3,5 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Mar - nov
Turen startar på Kleivaland i Vormedalen. Frå Hjelmeland sentrum følgjer du fylkesvegen mot Vormedalen og Tøtlandsvik (Vormedalsvegen) Avkjørsel frå fylkesvegen ved Laugaland er skilta til Kleivaland og Ritlandskrateret.
Turen er ei rundløype der målet er gapahuken med utsyn over meteorittkrateret på Ritland. Ritlandskrateret er eit ca 500 millionar år gamalt meteorittkrater med tverrmål på om lag 2,7 km, men det er delvis skjult.
I gapahuken finn du rikeleg med informasjon om krateret. I austenden av krateret vil du sjå ein 400 m høg skrent. Denne skrenten er restar av sjøleire som fylte krateret etter danninga. Dette er einaste staden i Rogaland der du kan finna fosil i fjellet.
Rundløypa følgjer for det meste traktorveg frå parkering på Kleivaland og opp til gapahuken. På returen kan du om du vil gå stien ned til STF si merka løype til mellom anna Melands Grønahei og Kleivaland, eller du kan ta same vegen tilbake.
Turen går stort sett i lett terreng og på godt underlag. Rundløypa er ca 6-7 km og du bør rekne ca 1 time kvar veg.
Meir informasjon om Ritlandskrateret kan du finna på www.ritlandskrateret.no

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjør RV13 til Hjelmeland. Ved Sande, like før ferjeleiet, kjører du inn på Vågavegen (skilta til Ritlandskrateret) mot Hjelmeland sentrum, deretter på Vormedalsvegen til Laugaland der det er skilta avkjørsel mot Kleivaland og Ritlandskrateret.