Kulturhistorisk løype i Solvorn

Publisert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Solvorn er ei lita fjordbygd ved Sognefjorden. Den ligg i Luster kommune, på vestsida av fjordarmen Lustrafjorden. I den tida fjorden var den viktigaste ferdselsåren var Solvorn eit knutepunkt for handel, offentleg verksemd og turisme. Om ein går ein tur rundt om i Solvorn kjem ein forbi mange spennande kulturminne som rommar mykje historie. Denne Kulturhistoriske løypa er ein vegvisar til ein del av denne kulturhistoria. Kjelde: Arne Kvalen

Meir informasjon og lenker kan ein finne på kulturnett.sfj.no (sjå nyttige lenker).

1. Solvorn kyrkje: Denne kyrkja vart vigsla i 1883 og er ei langkyrkje i tre med om lag 300 sitjeplassar. Kyrkja er den største av dei 12 kyrkjene i Luster.

2. Ei kunstreise: «Landskap i Luster» byr på ein ny måte å oppleve kunst i naturen. Ved kyrkja i Solvorn finn du ein av totalt 12 punkt på rundreisa gjennom kommunen. Her kan ein sjå eit måleri av Knud Baade frå 1843 presentert i same landskapsrom som kunstnaren teikna sine skisser.

3. Gravplassen: Gravplassen ligg eit lite stykke unna kyrkja. Her finn ein blant anna gravene etter Munthe-familien som heldt til på Kroken på andre sida av fjorden, og ein jernkross til minne om eidsvollsmann og sorenskrivar Johannes Irgens.

4. Den gamle skulen: På venstre side på veg ned mot sentrum går ein forbi eit informasjonsskilt om den gamle skulen i Solvorn. Denne var i bruk frå 1910 til 1982, og vart riven i 1996.

5. Bjørga-bui: I det kvadratiske kvite huset som ligg der som gamlevegen svingar inn og hovudgata tek til dreiv Sjur Olsen Thune og sonen Sigurd Thune bakeri og landhandel frå 1900. Butikken stengde dørene i 1978.

6. Brita-bui: Brita Øvrebø starta med butikk 20. mars 1915 i huset sitt. Dette er det første huset på venstre side når ein tek til venstre og ruslar bortover "hovudgata" i Solvorn.

7. Pittervinden: I det okerfarga huset på høgre side av hovudgata budde Pitter-Peter eller Peter Petterson. Far hans heitte Peter men vart kalla Pitter, sonen vart difor kalla Pitter-Peter. Han hadde ein slåtteteig lenger inn fjorden, mot Marifjæra, og var alltid så treg når han skulle heim om kvelden. Frå 4/5 til 8/9 kjem ein bris ned frå fjella og ut fjorden. Pitter-Peter med høybåra greidde så vidt å slite seg rundt neset. Kveldsbrisen vert difor kalla pitter-vinden.

8. Hotell Walaker: Vollåker (seinare Walaker) var gjestgjevargard allereie i 1640, og familien Nitter som ei og driv hotellet i dag flytta til Solvorn i 1690 og tok over handelsstaden på Vollåker. Hotellet sin hovudbygning samt Tingstova er frå ca. 1650.

9. Badestrand: Rett ved Walaker hotell og den gamle dampskipskaien ligg ei kommunal badestrand som alle kan bruke fritt.

10. Dampskipskai: Fylkesbaatane starta rutene sine på Lustrafjorden i 1858. Solvorn var ein av dei fyrste stadene som hadde dampskipskai.

11. Tettstadutvikling: Frå ein benk på kaien kan ein sjå utover stranda mot Sorenskrivargarden, og det er lett å sjå korleis Solvorn har utvikla seg som tettstad: Ei rekke med sjøbuer, ei rekke med naust, strandsitjarstovene og ei hovudgate som går parallelt med stranda. Dei med betre råd bygde hus litt lenger bak. Arkeologar meiner dette er slik tettstaden i Bjørgvin såg ut før den vaks seg til ein by i mellomalderen.

12. Strandsitjarmiljøet: Ein strandsitjar var ein husmann utan jord, og i Solvorn slo dei seg ned i små, enkle husvære med to eller tre rom på det som var ein allmenning ned mot sjøen. Mange hadde òg eit lite stabbur og små uthus med rom for nokre husdyr og litt fôr. Strandsitjarane dreiv med litt handel, nokre var handverkarar og andre hadde fiske som leveveg.

Sjølv om det var trongt mellom husa, var det viktig å sikre lett tilkomst til sjøen. Geilane og gangstiane mellom husa var og er framleis meint for fri ferdsle. Besøkjande vert oppmoda til å bruke desse slik at dei ikkje gror igjen.

13. Båtbyggarverkstad: I eit stort kvitt hus rett ved kaien fann ein tidlegare eit av to båtverkstader for robåtar i Solvorn. Bygget var opphavleg innreidd med rom i andre etasje.

14. Naust: Fleire av nausta stammar frå 1700-talet. Frå gamalt hadde folk både på Hafslo og på Mollandsmarki nausta sine i Solvorn. Naustet til garden Sie står framleis. Det var gangsti ned til fjorden der dei som budde på Mollandsmarki hadde robåtane sine, men nausta sine hadde dei i Solvorn.

15. Tobakksdyrking: I perioden 1880 til 1910 var det utstrakt tobakksdyrking i Solvorn, og ein særskild bygningstype frå denne tida er tobakkshusa. Det var på det meste minst 7 tobakkshus for tørking av tobakk, og eit av to som står igjen i dag er tobakkshuset til Samuel Moe. Dette kan ein sjå ved stien der ein går ned mot Vetlekaien. Det er lett å kjenne igjen fordi det på grunn av lufting vart bygd med store mellomrom mellom plankane.

16. Sjøbuer: Mange av sjøbuene er malt i okergult eller husmannsraudt, to vanlege og rimelege fargar. Ved sjøbuene finn ein fleire gamle båtstøer i fjorden, og desse er det ikkje lov å fjerne.

Ei av dei eldste sjøbuene som står igjen er tydeleg delt i tre, og denne har hatt tre ulike eigarar. Den vert kalla Kvitabui, så den var mest sannsynleg måla kvit ein gong. Deler av sjøbua vart i si tid brukt som fjøs, og då vart møkka sendt rett i fjorden gjennom hol i golvet.

17. Vetlekaien: Vetlekaien har i lang tid vore viktig for ferdsla til og frå Solvorn. Fram til slutten av 1800-talet starta fylkesvegen til Hafslo starta frå Vetlekaien. Vetlekaien har sidan 1972 vore i kommunal eige, og var restaurert midt på 2000-talet. Dette er ein fin plass for ein rast eller eit bad. For besøkjande med båt er det både straum og vatn på kaien.

18. Bestemorsstova: Den vesle kvite stova som ein kjem til når ein følg stien frå vetlekaien i retning Sorenskrivargarden er 330 år gamal og sannsynlegvis det eldste av strandsitjarhusa i Solvorn. Stova har tre rom i første etasje samt loft.

19. Strandsitjarfjøs: Rett bak bestemorsstova ligg eit gamalt fjøs etter familien til Samuel Moe. Det er den einaste strandsitjarfjøsen som er igjen i Solvorn og den hadde plass til eit par geiter og kanskje ein gris eller ei kyr. Bygget stammar frå 1700-talet.

20. Sorenskrivargarden: Den staselege sorenskrivargarden i Solvorn er eitt av dei største herskapshusa i Sogn. Den vart bygd av sorenskrivar og Eidsvolls-mann Lars Johannes Irgens og stod ferdig kring 1820. Irgens kalla den Christianelyst etter kona si - Christiane Louise Smith. Det er fem bygningar på garden, og hovudbygningen i empire-stil er på to etasjar og har over 20 rom. Sorenskrivaren vart flytta til Sogndal i 1966 og huset er i dag i privat eige.

21. Avstikkar: Om ein går forbi sorenskrivargarden og til enden av vegen, kan ein følgje ein sti til langs fjorden til dei veglause slåtteteigane på Nyre. Med unntak av ein bratt bakke etter ca 200 meter (Kleivabakken), går stien i lett terreng langs fjorden med fine viker og svaberg. Turen gir flott utsyn inn heile Lustrafjorden til Skjolden.

22. Minnesteinen kjøttbogen: Tilbake der vegen svingar inn i hovugata kan ein sjå ein stein ved husveggen på venstre side. Denne vert kalla kjøtbogen og vart reist i 1693 for å minnast eit svært vanskeleg år.

23. Villastrøket: Når ein går oppover mot kyrkja igjen kan ein sjå dei gamle villabygningane i sveitsarstil som markerer ytterkanten av verneområdet i Solvorn. Dei vart bygde av personar som dreiv verksemder og tente gode pengar i Solvorn. For å kome tilbake til kyrkja kan ein gå tilbake same veg eller ta runden om byggjefeltet på høgra hand.

24. Leikeplass og klatrejungel: Ved skulen og kyrkja ligg ein leikeplass med klatrejungel og fotballbane. Denne er bygd med finansiering frå fjordstiprosjektet, og er open og tilgjengeleg for alle.

25. Minnestein om ufredsåra 1807-1814 ved skulen: Denne steinen vart reist i jubileumsåret 1914 for å minnast soldatar som kjempa i krigen mot Sverige i 1807-1814.

Løypa vart først oppretta mars 2015.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Eigen bil: Ta av frå rv 55 mellom Hafslo og Sogndal mellom Lyngmo og Lustraporten. Det står skilta mot Solvorn og Urnes (ferje). Når du nærmar deg sentrum, ta av til venstre mot Solvorn kyrkje. Parker ved kyrkja.