Turen er ein topptur til Synesvarden (359 moh.). Herifrå kan du sjå sju kyrkjesokn! Turen tek om lag en time. Du kan og ta ein fin rundtur mellom Synesvarden, Steinkjerringa og Holmavatnet.
Området rundt Synesvarden er eit flott eksempel på gammal kulturmark og viser korleis mykje av Jæren såg ut for meir enn 50 år tilbake. Området er verna.