Høgfossen

Legg til huskeliste
Annonse

Køyr Rv.15 frå Bismo og 10,1 km vestover til kryss ved Dønfoss, og 3,0 km vidare på Rv.15 til parkering på venstre side av vegen i den store svingen. Parker her.
Følg stigen ned mot Otta-elva og vidare oppover langs denne. Otta-elva er utbygd med kraftverk på strekninga, men elva renn likevel kraftig vår og sommar.
Heggebottvatnet er bygd ut med dam for eit 3-døgns-magasin. Vatnet blir teke inn i tunell, og nyttast i Øyberget kraftverk ved Dønfoss.

Følg stigen vidare til den delar seg. Ein del går rett fram og opp til parkeringsplass ved Rv.15. Følg raude merker til høgre og kryss Rv.15 der du snart finn skilt som peiker mot Dønfoss og Heggebottdammen.
Følg stigen mot Dønfoss og ned til der du har parkert.

Du kan også køyre 0,9 km vidare på Rv.15 og parkere på venstre side av vegen på toppen av bakken. Da får du ein kort ned for å sjå Høgfossen.
Gå ned skogen mellom riksvegen og juvet for Otta-elva. Følg stigen nedover om lag 500 m. Du vil etter kvart sjå juvet og Høgfossen.
I fuktig vær er det glatt på mosen og steinene. Vær varsam ved fotografering.

Annonse