Klarastøtta

Legg til huskeliste
Annonse

Køyr Rv15 frå Bismo og 10 km vestover.
250 m før Dønfoss tek Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg.
Køyr 1 km etter Tundradalsvegen, og ta av til venstre på gardsvegen til Kvitingen.
Køyr 200 m og ta av mot høgre på setervegen til Skjellom. Parkeringsplassen ligg 100 m vidare på seter vegen.
Du kan også køyre opp setervegen til Skjellom 3 km og parkere der. Vegen er bratt, men god.

Følg setervegen forbi setra og på stig vidare 2,9 km. Snart må du over Nordre Kvitingen vanlegvis utan vading. Følg stigen oppover Brennranden.
Halvvegs ser du skilt for umerka stig i Breheimen nasjonalpark til Hoggeberget og Skjellflye.
Frå Skjellflye ser du Hestdalshøgde 2090 moh, som er ein attraktiv topptur på ski.
Det er lett å gå over Skjellflye og ned merka stig ved Skåtåe.

Klarastøtta er ein minnestein over den 4 år gamle Klara Heggerusten som vart borte frå heimen sin i september 1932, og attfunnen i Skjellfjellet, i februar 1933. Seinare er det satt opp ei tavle her.
Historia om Klara Heggerusten er mellom anna nedskrivi i boka «Ørnen – en barnerøver» av Per J. Tømmeraas, utgjeve i 1997. Han skriv om små ungar har blitt borte, og ørna har blitt skulda for bortføringa.
Slik var det i denne saka òg, ørna vart misstenkt. Men foreldra vart også misstenkt for å ha teke ho av dage, midt i sorga og fortvilelsen over vesle Klara.

Annonse