Stig frå Dønfoss til Tundragjelet og Brumillom i Skjåk. Stigen startar ved informasjonsutstillinga for Breheimen nasjonalpark ved
Bruvoll Handelslag på Dønfoss.
Gå 20 m frå parkeringsplassen ved Bruvoll Handelslag på Dønfoss til start for skiløypa.
Følg skiløypa i 1,6 km i lett terreng, før du går til høgre og 0,9 km i furuskogen gjennom eit hogstfelt. Du kjem ut på ein skogsveg på Tundramoen.
Sjølve Tundramo-runda er 2,9 km. Viss du går mot høgre, kan du følgje raude merker på ei runde på Tundramoen og komme inn att på stigen til Gjelbrue seinare.
Følg skogsvegen oppover mot venstre og sørvest. Etter 650 m på vegen passerar du ei nyleg brukt tjyrumile.
Gjennom mange hundre år har tjærebrenning vore ei viktig næring i Skjåk. Folk trong tjære bl.a. til å impregnere treverk. Tjære var ei viktig handelsvare som syrgde for handel med Vestlandet. Der var det eit enormt behov for tjære til båtar og reiskap.
Røter og stubbar av gamle furutre inneheld harpiks. Røtene vart tørka, reinska for bork og kløyvde. Tjærevangen, der tjæra skulle brennast, vart mura opp med botn som ei trakt. Botn vart dekt med ei spesielt tett leire, så tjæra skulle renne ned i trerenna som førde ned i tønna der tjæra vart oppsamla. Den tørre veden vart lagt i eit bestemt mønster til det fekk form som ei halvkule. Veden vart dekt med torv så ikkje for mykje luft skulle koma til. Nede ved bakken vart det sett att opningar i torva slik at ein kunne tenne opp mila der.
Ei tjæremile skal ikkje brenne, berre ulme. Det er den høge temperaturen som gjer at tjæra skil seg ut. Det tek vanlegvis om lag tre dagar å brenne ei tjæremile, og mila må vaktast heile døgnet. Kolet er eit viktig biprodukt og vart brukt til smedkol. I dag blir det mest brukt til grillkol, noko det er godt eigna til.
Følg skogsvegen til enden etter 0,9 km. Her kjem stigen frå runden på Tundramoen inn att på stigen til Gjelbrue. No går du vidare på stig opp til Gjelbrue over Tundra i Tundragjelet. Viss du vil fotografere gjelet med fossen, må du vere varsam på kanten. I vått vær, kan reinsmosa vere glatt.
Stigen held fram til du kjem på grusvegen forbi Brumillom og Tundraskriu.
Attende til Dønfoss, kan du følgje grusvegen ned forbi Brumillom og på bru over Åstri til Fv.486 Dønfoss-Bråtå-Sota. Avstanden er 4,7 km.
Du kan også gå vidare opp grusvegen til venstre og følgje denne 200 m til Tundraskriu. Her startar stigen opp på Buanose.