Rundhaug og Raudhaug 

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 5,4 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 701 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv15 ved Dønfoss.
Bomveg frå Bråtå til Sota. Køyr opp ein lokalveg mot
aust 750 m før Sota Sæter og parker.


Følg stigen som heiter Illvegen. Etter 1,0 km, kjem
du inn på stigen Sota-Brennsetra. Følg den 200 meter,
og ta stigen mot høgre opp mot Rundhaug. Rundhaug
er ein kjend stad for reinsjegarar. Det går ofte rein i området,
så du bør ta med kikkert.

Frå Rundhaug kan du gå vidare på merka stig til
Raudhaug. Stigen går mot Kollungshaugane i 2,3 km
før den går 0,5 km rett opp til Raudhaug.

Området er geologisk rikt. Rundhaug er ein kropp
av magnetitt og Raudhaug er oksydert olivin. Omkring
Raudhaug finn du kleberstein, talk og mange andre mineraler.
I klebersteinen på Raudhaug, kan du sjå at folk
i eldre tider har skore ut emne til gryter.

Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 28,3 km
to Sota. Toll road from Bråtå. Turn left 750 m before
Sota and park. Follow the path through the forest to
Rundhaug. You will enter the Breheimen national park.
You can walk on 2,8 km to Raudhaug.

Annonse

on the path