Fottur til Sekken

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,6 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 364 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Røykjeskålslia er eit landskapsvernområde mellom Sota og Mysubytta. Området er rikt på plante- og dyreliv, med frodig bjørkeskog og høgvaksne urter. Her kan du finne fleire bregneartar, myskegras, orkidear, liljekonvall, kvitsoleie og vendelrot.

Stigen er 1,7 km lang og stig om lag 330 høgdemeter. Turen er bratt, men ikkje luftig. I fuktig vêr bør du vere varsam ved sva og bergflater, då dei kan vere glatte.

På toppen kjem du inn i Breheimen nasjonalpark, der du blir møtt av storslått utsikt over Røykjeskålen og Syrtbyttdalen. Toppane Tverrådalskyrkja og Rivenoskulen reiser seg markant i landskapet og ligg tett på.

For dei som ønskjer ein litt lengre tur, er det berre ein kort tur vidare innover fjellet til Sekketjønn via Novi.


English version

Røykjeskålslia is a protected landscape area located between Sota and Mysubytta. The area is rich in biodiversity, featuring lush mountain birch forests and tall herb vegetation. Along the trail, you may encounter several species of ferns, sweet grass, orchids, lily of the valley, white buttercup and valerian.

The trail is 1.7 km long and gains approximately 330 metres in elevation. Although steep, it is not exposed. In wet conditions, care should be taken when crossing rock slabs, as they can become slippery.

At the top, you enter Breheimen National Park and are rewarded with magnificent views of Røykjeskålen and the Syrtbyttdalen valley. The prominent peaks of Tverrådalskyrkja and Rivenoskulen rise dramatically nearby.

For those wishing to extend their hike, a short walk further into the mountains leads to the lake Sekketjønn via Novi.

Adkomst med egen bil

Køyr av Rv15 ved Dønfoss og 29 km til Sota. Bomveg.
Køyr vidare til neste bomveg og 3,4 km mot Mysubytta.
Like etter høgste punktet på Mysubyttvegen ser du
skiltet til Sekken.


English version:

Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 29 km to
Sota. Toll road from Bråtå. Drive the toll road from Sota
3,4 km.

Annonse

on the path