Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva.
På austsida av Tora er det eit informasjonspunkt for Reinheimen nasjonalpark. Gå stigen opp gjennom skogen med stor fjellfuru og inn i nasjonalparken. Her veks ulvelav på tørre gamle furugreiner. Det er ein gulgrøn og sjeldan lav som er typisk for området. Øvst i skogen kjem du til eit stigkryss der du kan gå ned att til Billingen via Steinbrue i Føysa. Ta stigen rett opp mot aust og gå raudmerka stig opp langs Føysa. Du kan gå innover fjellet og fram til Føystjønn på 1320 moh.
In english:
Turn off the Rv15 at Billingen to the right and just after the bridge at 18,9 km west of Dønfoss. Park at the parking area to the right by the river. You will see the signs and information for Reinheimen National Park on the east side of the old bridge. Follow the path through the forest and along the waterfalls in Føysa at the right side up to Føystjønn.