Marøy har ein ganske spesiell historie som me fortsatt kan sjå spor etter. Ytst i Knappen finn me spor etter tyskarane sin invasjon under 2. verdskrig. Ei rekkje grunnmurar etter uilke bygg, skytestillingar, ammunisjonslager, tunellar og kaiar ligg spredt i området. Anlegget vart bygd av tyskarane hausten 1942, og var ein del av det samla festningsnettet kring Bergen. I aust ser ein over til øya Forsøy, der det var russisk fangeleir under andre verdenskrig.
Sjølve gåturen er ikkje så lang, men det er mange småvegar og ulike ting å sjå når man først er komen ut i Knappen.
Turen er lett å gå, og spanande for både store og små.
Følg fv414 heilt til endes. Parkeringsplassen ligg på høgre side av vegen like etter snuplassen i Marøy.