«Skjold på tvers»

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 22,8 km
  • 7 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 1205 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Informasjonen her tar utgangspunkt i terrengløpet "SKJOLD PÅ TVERS" 9-topper på én tur!

Men turen kan selfølgelig ellers tas året rundt.

Skildring av turen "Skjold på tvers"

(Sitert fra www.iskjold.no - 2012)

Turen startar ved foten av “Hodnafjellet” og startpunktet er ca 500 m etter avkjørsel mot Sveio. Ein følgjer veg oppover med relativt bra stigning opp mot toppen.

Veg går etter kvart over til sti. Ver merksam på at ein kjem til fleire vardar før ein når den endelege toppen med klippetang og bukk for dei som spring på tid.

Ein tar seg så vidare nordaustover på veg mot Varden på sti i lett terreng. Følg merking, for her er det fleire toppar i syne og det gir seg ikkje automatisk kva som er Varden.

Etter Varden tar den merka løypa deg vidare mot Naustdalsfjellet. Etter slak nedstiging frå Varden går det i lett terreng eit godt stykke før oppstiginga mot neste topp startar. Når det gjeld Naustdalsfjellet, så er det opp og nedstiging same stad, så ver ekstra merksame på merking her.

Etter Naustdalsfjellet er det snart tid for første frukt- og drikkestasjon, men ein går 20-30 min før stasjonen “openberrar” seg i øvre del av Fjeldheim. Forsyn deg godt! Det kan koma godt med, for oppstiginga til Kikafjellet er tøff, og sug krefter. Vel oppe tar ein turen sørover på toppen heilt til ein kjem til varden for ny registrering.

I nordaustleg retning ser du no Torefjell som er neste stopp. Du går tilbake lang toppen av Kikafjellet før du skjer ned i retning Torefjell. Oppstigning på vestsida og over toppen. Så er det vidare ned mot Dalavikvegen der ein følgjer vegen eit stykke innover før ein svingar inn mot det gamle skulehuset i Dalavik. Der er det flott rasteplass med mogleg kjøp av søtt og forfriskningar.

Turen opp til Haraldseidfjellet går som ein leik etter god pause og ein held fram ned på vegen som tar deg opp til fylkesvegen der ein raskt svingar opp på grusvei mot Risanger. No er det viktig å ta det litt roleg, for oppstiginga frå Risanger gjennom lerkeskogen og opp til Ravnefjell er ei av dei hardaste, kanskje den hardaste stigninga på heile turen. Flott utsikt ventar deg på Ravnefjell før du held fram rett nord nokre hundre meter før du igjen skjer austover, over myra på veg mot foten av Valåsen der det er ny drikke- og matstasjon for dei som ønskjer det.

Oppstiginga på baksida av Valåsen er ikkje veldig bratt, men derimot lang, seig og tappande for dei som nå har godt med kilometer i beina allereie. Flott utsikt ventar på toppen. Dette er nummer åtte, og det er kun ein igjen: Søljåsen.

Etter slak nedstiging til “Der vegane møtest” frå Eggja, Plasset og Askeland stig det bratt opp mot Eggjafjellet, over toppen her, kryssar skogsveg på Eggja og vidare opp mot Søljåsen neste 400 moh. Nyt utsikta.

Ein tar nå same stien ned igjen til skogsvegen og i lett jogg (for dei som nå orkar) er du ved E134 etter ein kvarter der ein følgjer vegen mot mål på Skjold Arena. Forfriskingar og respektfulle blikk ventar. Gratulerer!

Adkomst med egen bil

Sjå info på www.iskjold.no eller https://www.facebook.com/skjoldpatvers?fref=ts
Annonse