Denne turen er ei rundløype nordvest på Algrøyna. Turen startar ved gamle Algrøy skule (Gangstø).
For english, see below:
Gå inn Kongvikvegen og forbi bedehuset. Ved ei stor raud løe går du gjennom grinda. Hugs å lukke grinda og vis omsyn til sauene på beite. Følg grusvegen som går vestover. Gå over på tursti til venstre ved grinda på slutten av grusvegen. Du vil sjå gule merkepinner. Følg desse heile vegen.
Her går du i typisk karrigt kystlandskap. Heilt ytst der vinden aldri sluttar å blåse, er det omtrent vegetasjonslaust og man kan sjå flotte fjellformasjonar. Kvart nes, kvar haug, kvar myr og dalsøkk har eigne namn. Desse namna har Algerøy bygdelag teke vare på og satt opp fleire skilt langs ruta. Meir enn 40 lokalnamn er tekne vare på for ettertida.
Når du kjem til Smalanese følger du dei gule pinnene nordover retning Maggevikja. Det er eit lite stykke med klyving for å kome ned på svaberga. På uværsdagar er det viktig å halde god avstand til havet. Brottsjø kan oppstå. Følg pinnene. Den karakteristiske Maggesteinen er ein stor steinblokk som ligg rett på utsida av svaberga. Denne kan du sjå frå turkassa. Når bølgene står på er det eit spektakulært skue. Mot slutten av turen, i nordenden av ei stor myr, passerer du tuftene etter ein skjeneflor, eit av tallrike kulturminner i området. Det er ein del våte parti på den nordlege delen av turen. Ha på godt fottøy.
Her har det vore ei rekke store sildekast opp gjennom tidene. Eit av dei største varpa gjorde dei i 1924, som blir nemnt som det store Kongvikåret. På ein dag blei det då seld sild til ein verdi – omrekna i vår tids kroneverdi - til omkring 13 millionar. Det har vore gode vilkår for fiske ved Algrøyna; rike lakse- og kastevågar, og kort utror til gode fiskeplassar.
Det er Algrøy Bygdelag som har merka denne ruta og fleire ruter på Algrøy.
Sotra Øygarden Turlag har laga Kystpasset som er eit turhefte med turar frå nord til sør i Øygarden. Her finn du mange flotte turopplevingar og løyper for store og små, med ulik vanskegrad. Det er ein fantastisk moglegheit til å bli kjend med nye områder i kommunen. Les meir om Kystpasset under Lenker.
Viktig å vite når du går på tur:
Allemannsretten gir oss mange muligheter, men innebærer også plikt til å ta vare på naturen. Når du ferdes i naturen plikter du å ikke etterlate mer enn ditt eget fotavtrykk. Sporløs ferdsel innebærer å rydde opp, ta med søppel og å opptre varsomt og hensynsfullt når du ferdes i naturen.
English:
Maggevikja on Algrøy
This hike is a circular trail in the north-west of Algrøy. The walk starts at the old Algrøy school (Gangstø). Go onto Kongvikvegen and past the prayer house. At a large red hay barn, go through a gate marked ‘Turstier’ (‘Hiking trails’). Here the walk takes you for a short while over grazing land. Please show consideration to the sheep. At the bottom of the hill, signs point to a number of destinations. Turn right here and follow the terrain directly westwards.
You will gradually see some yellow marker posts, which you should follow. You are now walking in a typically barren coastal landscape. Right on the edge, where the wind never stops blowing, there is pretty much no vegetation, and to the east you can see some splendid rock formations. Every headland, mound, bog and valley hollow has its own name. The Algrøy village association has preserved these names and placed several signs along the route.
Once you reach Smalanese, follow the yellow posts northwards in the direction of Maggevikja. There is a short section of clambering to get down the smooth rocky slopes. In stormy weather, it is important to keep a good distance from the sea.Sea swells can occur. Follow the posts. The distinctive Maggesteinen rock is a large boulder located right on the edge of the smooth rock slopes. This can be seen from the trailside box. When the waves are in full force, this makes for a spectacular sight. Towards the end of the hike, at the northern end of a large bog, you pass the remains of a barn, one of many cultural relics in the area.
Conditions for fishing on Algrøy have been good: rich salmon and casting bays and permits for good fishing locations.
Important things to know when hiking:
The Norwegian right to roam (Allemannsretten) gives us many opportunities, but also imposes a duty on us to look after the natural world. When out in nature, you undertake to leave nothing behind other than your own footprints. Leaving no trace is about cleaning up after yourself, taking all rubbish with you and behaving with care and consideration when you are among nature.
Getting there by car
Follow national road (RV) 555. After the Kolltveit tunnel, turn left in the direction of Klokkarvik. At Fjell church, turn right in the direction of Møvik. Here, follow the road for approximately 7 km. Turn left towards Langøy, Syltøy and Algrøy. After the Langøybrua bridge, turn right towards Algrøy. Drive to the old Algrøy school located on the right-hand side of the road, after the last hill down towards the sea.
Getting there by public transport
Check the journey planner on Skyss, route 467 Algrøy–Syltøy.
Følg RV 555. Etter Kolltveitunnelen tek ein til venstre retning Klokkarvik. Ved Fjell Kyrkje tek ein til høgre retning Møvik. Her følger ein vegen ca 7 km. Køyr til venstre mot Langøy, Syltøy og Algrøy. Etter Langøybrua tek ein til høgre mot Algrøy. Køyr til gamle Algrøy skule som ligg på høgre siden av vegen, etter siste bakke ned mot sjøen.
Sjekk Skyss sin ruteplanlegger, rute 467 Algrøy-Syltøy.