Aksneshiller

Publisert av: Kvam Turlag

Følg traktorveg/sti langs røyrgata frå Solhaug til Krokavatn, så vidare på austsida av vatnet, forbi oransje hytte (Lendebu) ved vatnet, på merka/varda sti over Torsteinsheiane, ned til og forbiTorsteinsvatnet, og vidare bort til stølen. Ein ser Aksneshiller frå kanten der ein skal ned til Torsteinsvatnet.

Det er og mogleg å gå frå Tørvikbygd. Då går ein frå Tveiten, opp traktorveg til Finnhedlavatnet, tek av på sti til høgre rett før vatnet, og følgjer denne opp under Mjølausa og vidare til Aksneshiller.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Norheimsund følg R49 mot Tørvikbygd, ta opp Tveitevegen til Tveit, vidare bomveg skilta Krokavatn til Solhaug (enden på vegen). Rute frå Tørvikbygd: Frå R49 på Berge i Tørvikbygd, ta inn Lysevegen, fortset opp til høgre mot Tveiten. Parkering på Tveiten.