Kulturminnetur: Gjerdet kulturminnegard og Russarstegen til Fjell festning

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,1 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 153 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Gjerdet kulturminnegard er eit restaurert gardsbruk, som skal fungere som eit ressurssenter for mat og handverkstradisjonar gjennom merkevara "Dei på Gjerde". Våningshuset og løa som står på tunet er frå 1914, men det har vore gardsbruk her lenge før det. I fjellsida bakom gardstunet går det ein ferdselsveg som vart bygd av krigsfangar under 2. verdskrig, i samband med tyskarane si etablering av eit av dei største forsvarsverka i Nord-Europa p. toppen av Fjedlafjellet. Dei fleste krigsfangane var russarar, og såleis har ferdselsvegen fått namnet Russarstegen. Stien går opp ei skogkledd fjellside, med innlagde trappetrinn på dei brattaste partia. Kvar vår går motbakkeløpet "Russarstegen opp" av stabelen her.

Ved toppen av "Russarstegen" når ein Fjedlafjellet, der det er reist ein glaspaviljong over kanonbrønnen som romma ein gigantisk trippelkanon. Fjell festning er freda som eit militært kulturminne. Du kan velge om du vil gå Russarstegen ned igjen, eller ta Festningsvegen.

Annonse