Veglause gardar med utsyn mot Nordfjorden. Turen startar på Lotsberg. Parker på starten av grusvegen. Gå ned om vegen, forbi hovudhuset og til venstre under låvetrappa. Stien er lett å finne, og du følgjer den heile vegen til Åsane. Først kjem du til Ytre Åsane, så går du vidare til Indre Åsane. Ein kan og ta turen til Øvre Åsane, anten frå Indre eller Ytre Åsane. Turen heilt inn til garden på Indre Åsane er omlag 3 km ein veg.