Fra Kinsarvik via Stavali ned munketrappene til Lofthus

Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende fottur
  • 38,3 km
  • 2 dager
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 2156 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - sep

Ein fantastisk rundtur i vakre omgjevnader, opp den verdenskjente Husedalen med sine spektakulære fossefall, den finaste vegen inn/ut av Hardangervidda, og ned dei kjente Munketrappene til fruktbygda Lofthus.

Ein kan gå frå sentrum i Kinsarvik. Ta opp vegen til Huse ved brua, ein kan evnt. parkere ved Mikkelparken, kyrkja eller ved kommunehuset. Turstien " Fossastien" startar på høgre side av vegen når ein kjem opp frå sentrum og går langs elva oppover til ein kjem ut på vegen igjen lenger oppe. Derfrå fylgjer ein grusvegen videre innover til kraftstajonen. 

Frå kraftstasjonen kan ein fylgje grusvegen heilt opp til Nykkjesøy, men vi vil anbefale å gå på t-merka sti langs elva oppover for å få best mulig utbytte av den vakre naturen og de mektige fossane. Den fyrste av de fire fossane heiter Tveitafossen, derfrå fylgjer ein røyrgata oppover til dammen, og videre oppover mot Nyastølsfossen og Nykkjesøy. Derfrå tar ein seg opp stien forbi Nykkjesøyfossen og opp til Fjaoene. Her startar den mest krevjande delen av turen, nemlig Reinsbrekkene. Her går ein på bratte svaberg og har god utsikt mot den fjerde og kanskje den finaste fossen, Søtefossen. Når ein kjem opp Reinsbrekkene fylgjer ein Vierdalen opp til Kjerring. Derfrå ned i Botnane og rundt Randinuten inn til Stavali Turisthytte. 

Vidare går turen ned til Lofthus, den lengste etappen på turen. Ein går opp frå Stavali og følgjer skilt mot Lofthus, forbi Lonavatnet og over Lonaskardet, over den gamle steinbrua Breiåna og ned til Fodnastøl. Vidare til Kinsekvelv og opp til Grubbeskard, følg den t-merka stien videre mot Munketrappene og ned til Lofthus. Anbefaler gjerne å gå ut på utkikkspunktet på Hovden på veg ned til Lofthus.

Turen kan absolutt passe for born i skulealder, dei bør være vant til og gå i fjellet.

Dag 1: Turen frå sentrum i Kinsarvik til Stavali tek ca 6 - 7 timar.

Dag 2: Turen frå Stavali til Lofthus tek ca 7 - 8 timar.

Adkomst med egen bil

Køyr bil eller ta buss til Kinsarvik i Hardanger. Parker evnt ved Mikkelparken, kyrkja eller ved kommunehuset og følg stien oppover langs elva. Ingen parkering ved kraftstasjonen. Viss mulig kan det være lurt og ha bil i begge endar viss ikkje kan ein kan evnt ta taxi frå Lofthus til Kinsarvik (ca 1 mil) eller buss.

Adkomst med kollektivtransport

Frå Bergen: Buss fra Bergen til Norheimsund, korresponderende ekspressbåt fra/til Norheimsund med Norled til startstedene Lofthus eller Kinsarvik. 

Alternativt: Tog til Voss og buss videre til Kinsarvik evnt. buss frå Bergen direkte til Kinsarvik. Frå Oslo: Tog til Voss og buss videre til Kinsarvik evnt. tog til Geilo og buss videre til Kinsarvik (denne bussen går skjeldan). Ein kan også ta Haukelidekspressen til Odda og videre til Kinsarvik.Frå Haugesund: Buss til Odda og videre til Kinsarvik.

Annonse