Gå frå kyrkje til kyrkje, på Allmenningsvegen. Turen er rundt 16. kilometer og tek deg effektivt om lag 3 ½. time.
Dette var ferdselsvegen mellom Granvin og Ulvik til 1901.
Prestane som budde i Ulvik, hadde mange strevsame turar over fjellet. Ved Prestjuklane miste ein av dei livet i eit jukleskred på 1700-talet. Fleire døydde etter å ha streva i snøen med hest og slede eller på hesteryggen.
Turen startar frå Ulvik kyrkje (v. turistkontoret), fyste stykket går på asfalt langs fylkesvegen mot Granvin, Espelandsvegen. Ta så av mot Undeland og fylj grusvegen til kryss ved bom, ta til høgre her og så til venstre over ferist. Fylj vegen vidare til det eine gardstunet på Lindebrekke. Allmenningsvegen er til venstre for tunet, fylj skiltinga vidare. Her går ein over på mjukt grasdekke.
Her går det sau og kyr på beite, så husk å lat att grinder ein går igjennom, og ikkje uro dyra meir enn naudsynt.
Vegen tar deg vidare oppover til Tellstegbrua og Tellstegen, dette er det brattaste partiet på heile vegen. Fleire stader kan ein lesa ulike oppslag, som fortell noko om staden. Dette partiet ein går i no er inne i skogen, etterkvart opnar det seg opp og ein kjem ut i den "nye" traktorvegen til Furesete, fylj denne mot Furesete. Fylj vegen vidare opp over mot Angerskleiv (Angr er gamalt namn på Granvin), no er ein snart på toppen, og grensa mot Granvin.
Frå grensa startar ein å gå ned over, vegen fyljer Bekkjadalen ned til Vatnasete. Vegen vidare går langs Vatnasetvatnet, forbi Prestajuklane, og vidare forbi Litlastøl. God veg å gå på, grusdekke til ein kjem til den brattaste kneika på denne sida, Allmenningsbrekkene, her går ein på berg, og det kan derfor vera glatt her etter nedbør.
Frå parkeringsplassen på Strindeskleiv fyljer ein grusvegen, heilt ned til Fylkesvegen. Her går ein over på asfalt, og fyljer den ned over, ta til venstre, inn på Skrivarvegen og fylj den til du står ved hovudvegen og kyrkja.
Ein kjem til Ulvik med buss eller hurtigbåt.
skyss.no og norled.no
Mulig med buss retur frå Granvin kyrkje, sjekk skyss.no