Husedalen i Kinsarvik

Publisert av: Odda/Ullensvang Turlag

Husedalen i Kinsarvik

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,7 km
    5 timer
    Tur-retur
  • Sesong
    Mai - okt

Ein nydelig dagstur i vill, vakker og hemningslaus natur. Den verdenskjendte Husedalen med sine fire spektakulære fossar har fleire tusen besøkande kvart år og vert rekna som den flottaste vegen inn/ut av Hardangervidda.

Ein kan gå frå sentrum i Kinsarvik eller ein kan køyre bil inn til Kraftstasjonen. Velger ein å gå frå sentrum tar ein opp vegen til Huse ved brua, ein kan evnt. parkere ved Mikkelparken, Kyrkja eller ved Kommunehuset. Turstien " Fossastien" startar på høgre side av vegen når ein kjem opp frå sentrum og går langs elva oppover til ein kjem ut på vegen igjen eit godt stykke oppe. Derfrå fylgjer ein grusvegen videre innover til Kraftstajonen. Frå Kraftstasjonen kan ein fylgje grusvegen heilt opp til Nykkjesøy, men eg vil anbefale å gå på T-merka sti langs elva oppover for å få best mulig utbytte av den vakre naturen og de mektige fossane. Allereie ved Kraftstasjonen får ein oppleve fossane på nært hald. Den fyrste av de fire fossane heiter Tveitafossen, derfrå fylgjer ein røyrgata oppover til dammen, vidare går ein oppover mot Nyastølsfossen og Nykkjesøy. Derfrå tar ein seg opp stien forbi Nykkjesøyfossen og opp til Fjaoene der ein ser den siste og etter mi meining den finast av dei fire fossane, Søtefossen. For bedre utsikt kan ein gå opp i Reinsbrekkene, då må ein rekne litt lengre tid.

Dette er ein tur som passar dei fleste, også born frå ca 4 år går sjølv viss dei er vant til og gå. Skal ein gå med små born heilt opp til den fjerde fossen vil eg anbefale og køyre til Kraftstasjonen evnt. gå deler av turen. Om ein fylgjer vegen frå sentrum og inn til Kraftstasjonen kan også dei med barnevogn eller rullestol oppleve den fyrste fossen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr bil eller ta buss til Kinsarvik i Hardanger. Parker evnt ved Mikkelparken,Kyrkja eller ved Kommunehuset og følg stien oppover langs elva eller køyr heilt opp til Kraftstasjonen.

Adkomst med offentlig transport

Frå Bergen: Tog til Voss og Buss videre til Kinsarvik evnt. buss frå Bergen direkte til Kinsarvik. Frå Oslo: Tog til Voss og buss videre til Kinsarvik evnt. Tog til Geilo og buss videre til Kinsarvik( denne bussen går skjeldan). Ein kan også ta Haukelidekspressen til Odda og videre til Kinsarvik. Frå Haugesund: Buss til Odda og videre til Kinsarvik.