Flott rundtur på øya Skorpa med start frå rutebåtkaia i Skorpevåg ut til Båsundet, Kvaløysund, Grisevika og over Blåkollen tilbake til Skorpevåg via Skorpevatnet.
Dette er turen som blir brukt på Øyane Over. Då vert turfølget satt i land frå skyssbåten rett på berget i Grisevika på nordsida av øya.
Herifrå har ein to val:
1: Eit turfølge går opp og over Blåkollen 393 moh, 6 km. Det er ikkje sti oppover, men enkelte dyretråkk og kratt, nokre bratte partier. Nedover på sørsida av Blåkollen er det bratt, men deler på turen er det sti. Ved Skiltpunkt nord for Skorpevatnet går ein vidare til Skorpevatnet og bilvegen ut til rutebåtkaia i Skorpevåg. Raud tur - krevande.
2: Det andre turfølge går nede rundt øya langs land til Kvaløysund, Vågane, Tobbevika og rundt nordsida av Vardefjellet og Styggefjellet og vidare via Båsundet og bilvegen til rutebåtkaia i Skorpevåg. Nede får du to val ved Skiltpunkt nord for Skorpevatnet: Ein kort tur (4 km) eller ein litt lengre tur (7 km) ut til Båsundet i terrenget og bilvegen til rutebåtkaia i Skorpevågen. Kilometer gjeld for heile turen frå turstart i Grisevika til rutebåtkaia. Blå tur - middels.
Om du ligg med privatbåt ved Florø båtforening si uthavn i Æsøysundet kan du gå opp til bilvegen, finne rundturen og gå heile eller deler av den. Gå den retningen som passar deg best.
Om du vil ta heile rundturen, er det ein fin men lang og tildels krevande tur opp og over Blåkollen.
God tur!
Rutebåt til Skorpevåg. Eigen båt til Florø båtforening si uthavn i Æsøysundet