Skartland-Vikebygd, via Såto, Juten, Dyraskorfjell og Trodlanibbå, ytre leia

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    8,9 km
    2 timer, 40 minutter
    En vei
  • Sesong
    Mar - okt

Dette er ein tur som startar ved Skartland, der ein går via Juten og Dyrskarsfjell fram til Trodlanibbå, og ned til bygdahuset i Vikebygd. Det er den ytr leia frå Skartland til Vikebygd via fjellet.
Her har ein frå Juten og sørover utruleg flott utsikt over bygda og omkring liggjande distrikt heile vegen fram til Trodlanibbå. Det kan og vera vel verdt å ta turen motsett veg.


Turen startar nede ved fylkesvegen og ein tar inn på skogsvegen som har retning nordover i starten, ein føl den oppover, igjennom ei grind, i ca. 500 meter før vegen svingar skarpt til venstre og går over på ein sti, som først går mot nord i vel 100 m før den svinga sørover og oppover mot Såto igjen.

Etter ca. 1 km gange i ikkje alt for bratt terreng så er ein på toppen av Såto, her er det skilt som syner vegen vidare. Frå Såto går ein sørover, først ned ei lita dump til ein kjem til eit skilt der stien delar seg, her held ein rett fram mot Juten.

Frå Såto så er det ca. 1.0 km til Juten. Her går stien stort sett igjennom furuskog, men ein er også i ope lende ei stund før ein går inn i eit lite søkk, og får ein bratt stigning opp mot ei mye like ved Juten. Om ein vil opp på Juten så tek ein til høgre her ved myra og det er ca. 100 m til toppen av Juten 404 m.o.h. Ein måneforma topp, med flott utsikt, så det anbefalast å ta turen opp dit, før ein legg i veg vidare mot Dyraskorfjell.

Frå Juten så stig terrenget nokså bratt opp til ein er heilt nordenden av det langstrakte Dyraskarsfjellet, det er på ryggen av dette dei neste vel 2 km skal tilbakeleggjast. Etter ca. 400 m gange frå Juten så flatar det seg ut og ein er då på ca. 450 m.o.h. Her i frå og så er det nokså svak stigning, ein går litt opp og ned, fram mot toppen av Dyraskarsfjell, Det er tørt og fint terreng og som tidligare nemnd flott utsikt her på fjellryggen. Siste strekkja fram mot varden på Dyraskorsfjell byr på litt brattare stigning, så her er det litt tyngre å gå.

Framme med varden på toppen av Dyraskarsfjellet så er det ein steinbenk ein kan setja seg ned på og nyta utsikten, her ser ein langt i veg. Om ein ser nordover så vil ein sjå Ulvanoso og Melderskin i Kvinnherad. Ein bør også gå ca. 100 m nord/austover frå toppen for å få eit glimt ned til Dyraskarsvatnet.

Frå varden så legg ein i veg dei neste 1.6 km mot Trodlanibbå, her går ein vidare sørover fjellryggen i ca. 500 m, før ein tar til venstre ned ei skrent og held rett fram austover. Nede på flata er det noko myrlendt i nokre hundre meter i myrlendt terreng før ein snur mot sør og kjem opp på lyng og fjell, der ein stig nokså slakt mot Trodlanibbå. Like før Trodlanibbå så går ein på Vikebygd sitt minisvar på Besseggen. Vel framme ved Trodlanibbå, 531 m.o.h., så lyt ein setje seg ned og nyta utsikten over Vikebygd og vide omkring. Her ligg det og turpostkasse som i sommarhalvåret inneheld ei bok.

Frå Trodlanibbå så går turen nokså bratt nedover i 700 meter, før ein er ved eit vegkryss øvst i Børkjelandsskaret. Her tek ein til høgre og går ned Børkjelandsskaret og vidare bortover det flate partiet som heiter Smalaklatt. Nedst i Børkjelanddskaret så går ein forbi ei steingrav, som i fylgje segnet skal vera den siste kvilestaden til ein småkonge.

Etter Smalaklatt så ber det nedover igjen, først eit nokså vått parti, før ein kjem inn på ein skogsveg, denne føl ein nedover til denne deler seg, i krysset held ein til høgre, mot nord, og inn på ein sti som ein føl i ca. 400 meter til ein er fremme ved ein ny skogsveg. Denne føl ein nedover i ca. 700 meter til ein er fremme ved bygdehuset i Vikebygd og i mål for turen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar ved fylkesvegen på Skartland, ca 500 m. sør for krysset ned til Årvik. Her er det ein avkøyrsel mot aust, og ein liten parkeringsplass på sørsida av avkøyrsla. Ikkje parker slik at ein stengjer traktorvegar eller andre vegar, vis hensyn. For å koma hit så ta av frå E134 ved Isvik og føl vegen mot Vikebygd i vel 16 km, til ein får denne avkøyrsla på høgre side.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse