Flatraket - Håkonshallen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,0 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 308 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Håkonshallen er steinmurane etter ein sommarfjøs som aldri vart ferdig. Den er eit fint turmål i seg sjølv, samt eit fint utgangspunkt for turar vidare i fjellet.

Fra Håkonshallen er det stiar vidare til Lynghaughornet, Namneberget og Austadalen tilbake til Torvhusa.

Turen startar frå trimløypa. Ved ledet ved vassverket tek du til venstre, og turen går over på sti. Stien går skrått oppover sida, før den flatar ut. Etter kvart ser du Håkonshallen, følg stien til du er framme.

Like før Håkonshallen delar stien seg, her er det mulig å ta venstre tilbake mot Lynghaughornet.

Håkonshallen er en del av Fjelltrimmen til Flatraket Idrettslag. Posten er merka med appen Georeg. Det er også postkasse med bok ein kan skrive seg inn i. 

Regn ca 30 minutt til Håkonshallen.

Adkomst med egen bil

Det er opparbeida parkeringsplass ved starten av trimløypa i Fosselida. Ikke parker foran porten til skogsveien, vegen blir bla brukt som adkomst til Flatraket vassverk. 

Adkomst med kollektivtransport

Det går buss til Flatraket frå Selje og Måløy. En må da gå stykket frå veien gjennom byggefeltet. Dette er rundt 1km avhengig av kvar ein evt går av bussen.

Annonse