Forside > Utforsker > Område > Nærøyfjorden landskapsvernområde

Utforsk Nærøyfjorden landskapsvernområde!

Nærøyfjorden landskapsvernområde utgjer størstedelen av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - delområde Nærøyfjorden, som omfattar fem verneområde i eit storslått landskap. Her kan du oppleve ein usedvanleg vill og vakker natur, frå fjord til bratte, skogkledde lier, tronge dalar, høge fjell og fossefall.

Dei geologiske prosessane som har forma landskapet er framleis aktive, og flaum og skred skapar stadig små endringar i landskapet. Kulturlandskap med slåtteteigar, beitelandskap og stølsområde er ein viktig del av landskapet, og hyllegardane langs fjorden gir eit fascinerande innblikk i korleis naturressursane har vore nytta gjennom lang tid.

På fjellet vitnar dei mange fangstanlegga om endå eldre busetnad. Fleire av gardane i dette landskapet har framleis aktiv landbruksdrift, nokon i kombinasjon med opplevingsturisme. Dei mange særprega fjordbygdene er gode utgangspunkt for å oppleve landskapet.

Opplevingar

Området kan opplevast gjennom cruise eller kajakk på fjorden, eller gjennom kortare og lengre vandreturar inn i verneområdet, til fots eller på ski. Dei fleste turstiane startar ved fjorden og klatrar raskt oppover fjellsidene, så du bør vere klar for ei skikkeleg treningsøkt om du planlegg ein lengre tur. Du får løn for strevet med ei fantastisk utsikt over fjord og fjell.

Plante- og dyreliv

Det store spennet frå fjord til fjell skapar ein variert natur. Her finn du frodig edellauvskog, urskogprega furuskog, våtmarksområde med rikt fugleliv og høgfjellsområde med villrein. Hjorten vandrar i dei skogkledde liene og kobbe og nise er vanlege innslag i fjorden. I Bleia naturreservat finns ein sjeldan førekomst av urvalmue, ein unseeleg liten blome som kan ha overlevd siste istid.

UNESCO Verdsarv

Saman med Geiranger er Nærøyfjorden skrevet inn på UNESCO si verdsarvliste som eit av dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Dette betyr at området er vurdert å ha eineståande verdi for menneskeheita. Grunngjevinga er det vakre fjordlandskapet frå fjord til fjell, med aktive geologiske prosessar, tronge dalar, brear, skog, fossar og frittrennande elver. Kulturlandskapet tilfører ein kulturell dimensjon som aukar verdien av området.

Vernet naturområde!

Verneområdene kan ha ulike regler, så gjør deg kjent med hva som gjelder dit du skal.

Tilpass søket for