Forside > Utforsker > Område > Ålfotbreen landskapsvernområde

Utforsk Ålfotbreen landskapsvernområde!

Geologiske prosessar har over fleire hundre millionar år forma Ålfotbreen landskapsvernområde til eit landskap som er unikt på verdsbasis, og som gjer fantastiske naturopplevingar.

Terreng, vêr og klima i høgfjellet kan derimot vere utfordrande, so det høver best for røynde turfolk. Sjekk vermelding før tur! Det spesielle landskapet byr likevel på store opplevingar for dei som vil sjå naturen på trygg avstand.

Det høgste fjellet er Gjegnet 1670 meter over havet, som byr på eventyrleg utsikt. Dette er den høgste toppen i Norge vest for Jostedalsbreen nasjonalpark.

Opplevingar

Ålfotbreen er eit flott, men krevjande område å ferdast i. Det passar best for fotturar i barmarksesongen, men der er og mange fine turmål for vårskiturar. Skiftande vêr, tøffe klimatiske tilhøve og eit krevjande terreng i store delar av området gjer til at det passar best for fjellvande folk. Dei to turlagshyttene Gjegnabu og Blåbrebu er opne for ålmenta. Dei er fine turmål i seg sjølv, og samstundes gode utgangspunkt for toppturar.

Plante- og dyreliv

Høgfjellsområda er eit veldig karrig landskap med lite plante- og dyreliv. Berre dei mest hardføre artane kan overleve, mellom anna trivast rovfugl i dei ville og utilgjengelege fjella. I fjellsidene og låglandet er det mildare og meir frodig og her finn vi gode bestandar av hjort. I den bratte fjellsida nedover mot Hyefjorden er det mildt klima og rik berggrunn, her trivast fleire varmekjære treslag og plantar.

Geologi

Ålfotbreen-området har ein heilt spesiell og unik geologi. Bergartar frå devontida har satt sitt preg på landskapet og har gjennom millionar av år skapt eit heilt spesielt landskap, med mange karakteristiske hyller som går i nord-sør-retning. Dei devonske bergartane består dessutan i stor grad av konglomerat og sandstein med fine fargar og mønster.

Vernet naturområde!

Verneområdene kan ha ulike regler, så gjør deg kjent med hva som gjelder dit du skal.

Tilpass søket for