Forside > Utforsker > Område > Setesdal Vesthei Frafjordheiane landskapsvernområde

Utforsk Setesdal Vesthei Frafjordheiane landskapsvernområde!

Sør i Langfjella finn du Setesdalsheiane, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Her er det oppretta til saman 17 verneområde for å ta vare på mellom anna eit unikt og storslått landskap, Europas sørlegaste villreinstamme, høgfjelloasar med rikt planteliv, og kulturminne og stølslandskap som vitnar om ei lang og variert brukshistorie.

Desse heiane rommar store kontrastar. I vest finn du vakre og dramatiske landskap ved Lysefjorden og andre Ryfylkefjordane. I nord ragar fjella høgt og snøen ligg til langt ut på sommaren, men her finn du og flekkar med ei overveldande blomsterprakt. I aust og sør ligg eit vidstrakt og bølgande heilandskap kor det aldri er langt mellom idylliske vatn og vassdrag.

I desse heiane streifar 3000 villrein på evig vandring mellom dei gode beiteplassane.

Opplevingar

Om du ikkje er redd for å møte mange folk, har våre verneområde to av Noregs mest besøkte turmål; den svimlande Kjeragbolten og den majestetiske Månafossen. Vil du helst være aleine, har desse heiane mange stader kor du kan gøyme bort, og berre ha selskap av villrein og storaure. Om du liker litt av alt, kan vi anbefale Statskog og turistforeiningane sine mange hytter og løyper.

Plante- og dyreliv

Er du glad i blomar? – da har du komme til rette staden. Knapt nokon plass kan du finne sterkare kontrast mellom glattskura grå heier og grøne oasar med eit mylder av blomster. At reinsdyra kan stå ute på stupkanten og sjå ned på selen som solar seg i fjøresteinane, seiar litt om spennvidda i dyrelivet i desse verneområda.

Villrein

Meir enn 3000 villrein streifar gjennom området, alltid på veg for å være på rett beiteområde til rett årstid. Trekkvegane mellom områda, er ofte dei same i dag som for tusenvis av år sidan. Fangstbuplassar frå steinalder, dyregraver, bogestiller og bortskotne jernpiler ved desse, vitnar om ein art som var viktig for oss menneskje. I dag er denne villreinstamma, som er Europas sørlegaste, sterkt påverka av store naturinngrep og forstyrringar frå menneskje. Vi har derfor eit særleg ansvar for å ta vare på leveområda.

Vernet naturområde!

Verneområdene kan ha ulike regler, så gjør deg kjent med hva som gjelder dit du skal.

Tilpass søket for