Forside > Utforsker > Område > Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Utforsk Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde!

Naustdal-Gjengedal har variert natur, som vekslar mellom dalar, høgfjell og brear. Landskapet er prega av fiskevatn, støylar og frodig beiteland.

Store deler av området er godt tilrettelagt med stiar, klopper og bruer. Fleire vegar og parkeringsplassar gjer området lett tilgjengeleg for låg-terskel friluftsliv, i form av dags- og familieturar.

Samtidig finn ein urørt villmark, brear og steile fjell, som til dømes Botnafjellet 1572 meter over havet.

Opplevingar

Naustdal-Gjengedal er eit populært og flott område for vandring, både til fots og på ski. Her er fleire merka ruter, men og område med villmark heilt utan tilrettelegging. Både høge og mindre høge fjell gjev eit variert tilbod til dei som vil nyte toppturar på ski. Dei mange vatna i landskapsvernområdet gjev gode kår for fisketurar. Kanskje finn du ditt nye favorittvatn i Naustdal-Gjengedal?

Plante- og dyreliv

Er ein heldig kan ein møte på området sin eigen villreinstamme, Førdefjellareinen. Den er på noko under 100 dyr og har sitt opphav frå forsøk på tamreindrift på 50-talet. Det er dessutan gode bestandar av hjort både inni og i bygdene rundt verneområdet. Der er ein del førekomstar av kalkrikt jordsmonn i verneområdet, som gjev veksetilhøve for ein del kalkkrevjande og spanande plantar.

Beitebruk

Naustdal-Gjengedal har frodige beiter for husdyr og det meste av området vert nytta som beiteområde for sau, geit og storfe. Beitebruk har lange tradisjonar i området, noko dei mange støylane vitnar om. Beitedyra er med på å halde landskapet levande og ope. I tillegg er det mykje kulturhistorie knytt til beitebruk og støylsmiljøa som er viktig å ta vare på.

Vernet naturområde!

Verneområdene kan ha ulike regler, så gjør deg kjent med hva som gjelder dit du skal.

Tilpass søket for