Forside > Utforsker > Område > Geiranger-Herdalen landskapsvernområde

Utforsk Geiranger-Herdalen landskapsvernområde!

Geiranger-Herdalen er eit særprega fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv. Fjordgardane, setermiljøa og kulturminna syner samspelet mellom menneske og natur gjennom årtusen.

Langs Geirangerfjorden finst hus og far etter folk der du ikkje skulle tru. I Herdalen møter du framleis ei stor geiteseter i drift. Kultur- og naturlandskapet er prega av rikt artsmangfald, raudlisteartar og sjeldne naturtypar.

Naturreservatet Hyskjet er ei særs rik edellauvskogli der den sjeldne Mnemosynesommarfuglen lever. I røyken frå dei mange fossane kan du finne den unike Sunnmørsmarikåpa. Villreinen utgjer og eit spesielt innslag i den austre del av området.

Landskapsformene og geologien i heile området er utprega. Spesielt verdifull er mineralforekomsten i naturreservatet Kallskaret, der eklogitt og andre sjeldne bergartar ligg opp i dagen. Geiranger-Herdalen er prega av urørte vatn, vassdrag og fossar, har fleire inngrepsfrie naturområde og eitt villmarksområde.

Opplevingar

Geiranger-Herdalen sikrar samanhangande inngrepsfrie naturområde for folk og dyr. Det «urørte» landskapet ivaretar levevilkår for eit mangfald av artar, og gir eineståande opplevingskvalitetar. «Områda inneheld alle geologiske element som kjenneteiknar eit klassisk fjordlandskap. At dei naturlege geologiske prosessane, styrt av erosjon og fritt vatn, er aktive og lite påverka av menneskeskapte inngrep er ein vesentleg verdi» (Unesco).

Plante- og dyreliv

Geiranger-Herdalen har eit rikt artsmangfald av mange slag. Aktiv geitedrift i Herdalen sikrar eit artsrikt seterlandskap med viktige naturbeitemarker. Inngrepsfrie naturområde gir vilkår for alle dei fire viltlevande hjortedyra, elg, hjort, villrein og rådyr. Svært mange raudlistearta fuglar, pattedyr, insekt, sopp og karplantar er registrert i området. Blant desse er Sunnmørsmarikåpe og Mnemosynesommarfuglen.

UNESCO Verdsarv

Geiranger-Herdalen har fått verdsarvstatus med besøkssenter i Geiranger. UNESCO reknar området «mellom dei vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 m høgde over Norskehavet. Eit utall fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden»

Vernet naturområde!

Verneområdene kan ha ulike regler, så gjør deg kjent med hva som gjelder dit du skal.

Tilpass søket for